Næringsliv | 12. jan. 2010

Lanserer lur heilårsbåt

Askeladden P66 Pilothouse, som skal lanserast i mars, har mange lure løysingar.

Lanserer lur heilårsbåt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. jan. 2010 09:10

Bildeserie:

1 av 4

Med Askeladden P66 Pilothouse vil Askeladden Boats AS tetta det dei meiner er eit tydeleg hol i marknaden.

- I den tida vi importerte Quicksilver såg vi kor viktige desse båtane til heilårsbruk er i den marknaden vi opererer i. Slike båtar passar godt inn i vårt repertoar, seier marknadssjef Leif Bergaas til Midtsiden.no.

Romsleg og praktisk
Bergaas fortel at fabrikken har lytta til kundar og tatt mange notatar som var nyttige då Pilothouse-en skulle utviklast.

- Båten får ein del utstyr og løysingar som den er åleine om i denne klassen. Den har sitjeplass i full høgde til fire vaksne i styrhuset, stor uteplass, hydraulisk styring og saltvass-spyling.

Vindauga er i herda glas slik at det tåler bruk av vindusviskar. Fabrikken har også gjeve båten kanalar for defrost av frontruta.

- Det er lagt opp til styring utandørs, og du kan gå fram på dekk på begge sider av hytta. På styrbord side går dekket fram jamt med dekket bak, slik at du slepp å gå opp nokre trinn for å gå fram langs skutesida.

Fullbooka
Askeladden Pilothouse får kokeapparat og vask, og eit toalett av litt annan standard enn kva som er vanleg i ein 6,6 meter lang båt.

- Folk vil ha toalett i stadig mindre båtar, og dei vil ha spyletoalett, elles blir det ikkje brukt. Derfor har vi utstyrt Pilothouse med spyletoalett som bruka saltvatn.

Forhandlarane har likt skissene og planane for båten. Alle dei 55 modellane som blir produsert i første serie er bestilt.

- Det betyr ikkje at vi er utselt, forhandlarane må selja dei først. Men deira positive respons er første signal på at Askeladden Pilothouse blir godt mottatt. Den kjem til å kosta litt meir enn andre i tilsvarande storleik, men du får mykje ekstra båt for dei ekstra kronene, meiner Bergaas.

Pris på båt med 100 hk Suzuki 4-takt kjem til å ligga på like over 360.000 kroner.

Den første båten kjem til Noreg frå Model Art i Polen i månadsskiftet februar-mars, for avduking under messa Sjøen for Alle i Lillestrøm 12. til 21. mars.

ASKELADDEN P66 PILOTHOUSE

Standardutstyr:
Spyletoalett, saltvanns-spylepumpe, hydraulisk styring, klargjort for utv. styreposisjon (ekstrautstyr),
ferskvann 40 liter, herda glas i frontrute, kjøleboks (12V), vindusviskar, pilotstol, kokeapparat, vask m/
spring, fiskestanghaldar, lanterner, instrument.

Ekstrautstyr:
Trimplan, utvendig styreposisjon, sidebenkar akterdekk, puter til sidebenkar, puter til akterbenkar, kupevarmar (diesel), arbeidslys akterdekk, tallon fiskepakke (2 x stanghaldar, 1 x bord, 1 x 12 V uttak)

Tekniske data
Designkategori: C
Lengd: 6,60 m
Breidde: 2,50 m
Vekt u/motor: ca. 1.100 kg
Personar: Max 5
Drivstofftank: 140 liter
Vasstank: 40 liter
Septiktank: 40 liter
Motor: Suzuki 90 - 140 HK

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.