Askeladden | 31. aug. 2022

Lanserer ny versjon av bestseljaren

Askeladden C70 Cruiser blir lansert på Aker Brygge i morgon.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. aug. 2022 08:14

– Dette blir årets bestseljar, sa Askeladden-sjefen då daycruiseren C65 blei lansert i 2016.

Han fekk rett, og utsagnet sto seg fram til i dag.

Askeladden C65 Cruiser blir lansert på messa Dra til Sjøs, som i februar blir arrangert på Sotra. (Foto: Askeladden Boats)
Les òg– Dette blir årets bestseljar

– C65 har vore ein av våre mestseljande båtar fram til i dag, seier Henrik Askvik, som ved årsskiftet gjekk frå å vera dagleg leiar til å bli styreleiar for båtprodusenten.

– Å fullstendig endra ei vinnaroppskrift, er aldri ein god idé. I staden har vi vidareutvikla den, legg han til.

Askeladden C70 Cruiser erstattar C65.

Bildeserie:

I morgon blir etterfølgjaren, Askeladden C70 Cruiser, lansert (Ill. Askeladden Boats AS)
Askeladden C65 blei lansert med suksess i 2016. (Ill. Askeladden Boats AS)
I morgon blir etterfølgjaren, Askeladden C70 Cruiser, lansert (Ill. Askeladden Boats AS)
Askeladden C65 blei lansert med suksess i 2016. (Ill. Askeladden Boats AS)
1 av 2
Askeladden C65 blei lansert med suksess i 2016. (Ill. Askeladden Boats AS)
I morgon blir etterfølgjaren, Askeladden C70 Cruiser, lansert (Ill. Askeladden Boats AS)

Askeladden C70 Cruiser blir lansert digitalt under båtmessa «Båter i Sjøen», som opnar på Aker Brygge i Oslo i morgon.

Den kjem fysisk i brygge på heimebane i Askvik i november.

– I tett dialog med kundar og forhandlarar har vi forsøkt å skapa ein endå sprekare og meirkomfortabel båt, optimalisert for nordiske forhold, seier dagleg leiar Jonathan Dyrstad.

Anbefalt motor blir frå 200 til 300 hk (utanbords). Forgjengaren C65 hadde anbefalt motor frå 150 til 250 hk.

Dette er nytt:

  • Betre bu-komfort gjennom større køye og bedre høgde i for-kabinen.
  • Større cockpit med betre sittekomfort.
  • Forbetra kalesjegarasje og kalesjeløysing for forenkla båtbruk.
  • Kalesjeløysing med bimini-topp som standard.
  • Fleire og større stuerom, med blant annet ei stor dørkluke i cockpit
  • Oppdatert design, med Askeladden sin nye baugprofil, fenderlist, m.m.

Båten kan oppgraderast med ekstrautrustning og komfortelementer som ekstra forbruksbatteri, dieselvarmar, lukka toalettrom, utfyllingspute i forkabin og skrogvindauge.

Bildeserie:

Askeladden C70 Cruiser. (Ill.: Askeladden Boats AS)

1 av 3
Askeladden C70 Cruiser. (Ill.: Askeladden Boats AS)
Askeladden C70 Cruiser. (Ill.: Askeladden Boats AS)
Askeladden C70 Cruiser. (Ill.: Askeladden Boats AS)

Tekniske data:

Designkategori: C
Lengde: 6,99 m
Bredde: 2,46 m
Tørrvekt uten motor: Ca. 1.700 kg
Drivstoff: 230 liter standard
Dieseltank: 11 liter (opsjon)
Ferskvann: 40 liter
Septiktank: 40 liter Personer: Max. 7
Anbefalt motor single: Outboard 200 - 300 HK XL
Fartspotensial (totalvekt 1,9 tonn): Ca. 38 knop med Suzuki DF200 APX
Forbruk Marsjfart 25 – 30 knop: Ca. 1,1 – 1,3 L/NM

Prisar:

Askeladden C70 Cruiser standard båt med Topline pakke og Suzuki DF200 APX veil. inkl. mva. kr. 889.800,-

Godt utrustet weekend båt for overnatting med samme motor cirka kr 990.000,-

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.