Askeladden C80 Weekend blir lansert i Oslo om tre veker. (Skisse: Askeladden Boats)
Askeladden C80 Weekend blir lansert i Oslo om tre veker. (Skisse: Askeladden Boats)

Lanserer stor daycruiser: Første båt i ny design

Askeladden C80 er mindre enn årets bestseljar, men likevel størst i sin kategori.

Kjetil Vasby Bruarøy
04. september 2020 - 10:58

Om to veker lanserer Askeladden Boats ein stor, ny daycruiser under eit fire dagar langt arrangement hos forhandlar Sjøberg Båt på Nesbru i Oslo.

Askeladden C80 Weekend er ein rask, stor daycruiser bygd for motor opptil 350 hestekrefter, med sitjeplass til 8 personar og overnattingsplass til 4.

C80 Weekend skal ikkje erstatta flaggskipet C83 Cruiser, som blei lansert i 2017.

– Responsen på C83 har vore enorm! Det var uventa for oss å selja fleire 8-meterar enn 6-meterar, no produserer vi rundt 50 C83-ar i året, seier Askeladden-direktøren Henrik Askvik.

Det er haust, og Henrik er klar for å lansera noko nytt for 2021-sesongen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det er haust, og Henrik er klar for å lansera noko nytt for 2021-sesongen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 

Sjølv om nye C80 blir berre éin fot kortare enn C83, er dei i kvar sin klasse.

– C83 er ein liten turbåt, C80 er ein stor dagsturbåt, seier Askvik og forklarer.

– Når det kjem til overnattingsbåtar, skil det seg i to ulike kundegrupper; dei som vil ha dagsturbåt, men av og til skal ha seg ei natt i båten, om dei for eksempel er ein tur til Mandelhuset eller Bekkjarvik og har tatt seg eit glas vin - og så har du dei som vil bruka båten til ei veke med båtferie.

C80 har plass til 8 personar, mot 7 i C76 og 10 i C83. (Skisse: Askeladden Boats)
C80 har plass til 8 personar, mot 7 i C76 og 10 i C83. (Skisse: Askeladden Boats)

– Det handlar om kor mange du vil ha med deg om bord

Daycruisermarknaden er god. Askeladden har weekendbåtar frå C61 via C65 og C76 til den komande nyvinninga C80 og vidare til C83 Cruiser.

– Eit godt sortiment kan vera avgjerande. Dat handlar om kor mange folk du vil ha plass til, og kor romsleg du liker å ha det.

C83 har sitjeplass til 10, C76 er registrert for 7 personar.

Ein bjellesau for nytt designspråk

Innreiinga av C80 er, som C83, tufta på Askeladden si karakteristiske innreiing frå suksessbåten 705, som kom på slutten av 1990-talet, med toalettrom nede, framfor styrekonsollen, og stikk-køye bak, under dekk.

Ved første augekast ser du kanskje at baugen på nye C80 er noko butt.

– Vi har utarbeidd eit nytt designspråk, der baugen kanskje er det første du ser, men òg med modifisering av vindskjerm.

– I tillegg har fenderlista blitt meir roust og markert, noko som samla gir eit meir røft preg.

Butt baug, kraftigare fenderlist og ny vindskjerm er blant elementa i ny design. (Skisse: Askeladden Boats)
Butt baug, kraftigare fenderlist og ny vindskjerm er blant elementa i ny design. (Skisse: Askeladden Boats)

Askeladden C80 Weekend er første båt i nytt designspråk, i åra som kjem skal modellane nedover i rekkja teiknast om i same drakt.

Askeladden har vidare optimalisert det vellykka 2-step-skroget med integrert motorbrakett og dyp V-bunn.

Tekniske data:
Designkategori: C
Produksjonsteknologi: Infusion
Lengde: 8,03m
Bredde: 2,75 m
Tørrvekt uten motor: Ca. 2.100 kg
Drivstoff: 230 liter standard
Dieseltank: 15 liter (opsjon)
Ferskvann: 100 liter
Septiktank: 40 liter Personer: Max. 8
Anbefalt Motor Single: Outboard 300 - 350 HK XXL
Fartspotensial (totalvekt 3 tonn): Ca. 43 knop med Suzuki DF300 APXX
Forbruk Marsjfart 20 – 32 knop: Ca. 1,5 – 1,7 L/NM