Kultur | 04. okt. 2019

Lanserte debutlåten sin i dag

Martine klar med «Sideshow»: I kveld blir det sleppefest på Baronessen.

Lanserte debutlåten sin i dag
Martine sitt cover for Sideshow. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. okt. 2019 06:48

I september fortalte Martine Frotvet Johnsen (18) at ho har fått hjelp av Mats Cato Moldskred til å laga sin første låt, «Sideshow».

– Det har vore nokre spennande veker, og eg har fått mange fine meldingar frå folk som seier dei gler seg til å høyra den, seier Martine.

I natt blei låten publisert på fleire digitale strømetenester, blant anna Spotify.

– Eg er veldig nøgd med det ferdigproduserte resultatet, no er eg spent på mottakinga og konserten i kveld.

Får ros av Sondre Skaftun

Med på laget er òg Mats Cato sin produsent, Sondre Skaftun.

– Martine har ei fin stemme med stort spenn, og ho har veldig god kontroll på stemmebruken, synest Sondre.

Han skildrar «Sideshow» som ein poplåt med særpreg, ein personleg tekst om ungdomstid og kjærleik, men ingen kjærleikslåt. Melodimessig kjem den òg med nokre overraskingar.

– Den er catchy! Vi er spente på mottakinga, seier produsenten, som i 2018 fekk talentstipend og blei B-lista på P3 for sin debutsingel, «Losing the light».

Kan bli fullt hus i kveld

Baronessen, som har sikta seg inn mot vaksent publikum, har opna dørene for det lokale, unge initiativet, og seinka aldersgrensa med 7 år, frå 25 til 18 år.

– Det er berre plass til 100, og torsdag var halvparten selt. Vil du vera sikker på å få plass så bør du nok kjøpa billett på førehand, seier storesøster og del av «Team Martine», Malin F. Johnsen.

«Adeo», den faste makkeren til Kjartan Lauritzen, og kompisen Fole, som blir omtala som «Noregs svar på Post Malone», skal varma opp for debutanten frå Strøno.

Også Mats Cato Moldskred skal på scenen, først åleine, så i eit par corverlåtduettar med Martine - før «Sideshow» skal framførast av Martine åleine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.