«Dronen«: Forfattar Tor Arve Røssland fekk fine tilbakemeldingar av elevar frå Rothaugen ungdomsskule. (Foto: Mangschou)

Lanserte «Dronen» på Fløyen

Ei bok for ungdom som «ikkje liker å lesa»: Tor Arve Røssland er klar med si 15. bok, den tredje i Skumring-serien.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag hadde forlaget Mangschou og forfattar Tor Arve Røssland bokslepp av «Dronen» på Fløyen i Bergen.

Røssland er oppvaksen på Husnes, men har budd på Halhjem i Os dei siste 14 åra.

Filma ulykke som skulle publiserast

– Handlinga i bøkene mine er ofte lagt til ein stad utan namn, men eg har ofte Os i hovudet når eg skildrar staden, seier forfattaren.

– Ikkje det at eg trur at det er sterke høgreekstremistiske miljø på Os, men måten eg skildrar plassen på er nok inspirert av det som no er heimbygda mi.

For det er høgreekstremistiske krefter i sving i «Dronen». Det heile blir innleia med at 14-åringen Thomas og familien, etter eit overfall, flyttar til ein mindre stad utanfor storbyen Bergen. Han får ein drone til jul, og når han er ute og testar denne så filmar han ei ulykke.

Det viser seg at ulykka er framprovosert, og råkøyrarane vil ha videoen hans. Dei driv og lager ulykker som dei filmar og legg ut på nett.

Thomas blir med i gjengen, som og er engasjert i ein ekstrem politikk.

Lettlesen serie

«Dronen» er den niande boka i Skumring-serien, ein serie med bøker skrivne av ulike forfattarar, med lettelese oppsett og val av ord.

Sjå eksempel i bildeserien over.

– Dette er bøker som er skrivne for å fanga opp dei som i utgangspunktet ikkje liker så godt å lesa, eller som har vanskar med å lesa. Men det er òg mange andre som har glede av desse bøkene. Setningane er korte, det er få framandord og oppsettet er enkelt og ryddig. Handlinga og historia kan likevel vera både komplisert og spennande.

– Eg liker i grunnen å skriva i denne stilen, det tvinger meg til å halda det kort og kompakt, utan unødige skildringar. Det skaper eit godt driv.

40 elevar frå Rothaugen ungdomsskule var med på boklanseringa. Elevane fekk høyra frå boka, møta forfattaren og sjå ein demonstrasjon av droneflyging.

Kjem med blodig grøssar i mars

«Dronen» har vore i hyllene sidan 20. desember, men sleppet var først i går.

– Det er bøker som sel godt, og som blir mykje lesne på bibliotek, gjennom heile året. Vi sikta oss ikkje inn på julehandelen, og det var ikkje noko poeng å ha signering eller slepp fire dagar før jul.

Røssland reknar hovdmålgruppa si for å vera ungdom frå 5. til 9. klasse.

– Fleire av elevane frå Rothaugen hadde lese boka før dei kom. Dei hadde veldig hyggelege tilbakemeldingar, nokre av dei sa til og med at det var den beste boka dei hadde lese. Eg veit jo ikkje om det òg er den einaste, men det var kjekt å høyra.

Neste bok frå Røssland kjem allereie i mars i år.

– Det er ein blodig grøssar, men lettlesen og til same målgruppe, kanskje som ein påskekrim for ungdom, fortel forfattaren.

Fleire saker