Kultur | 15. mai 2013

Lars Vaular til Rock n' LOL

Lars Vaular slo igjennom etter å ha vore på Søfteland Rock n' LOL i 2009. No, når det er siste året med festival på Sanden, kjem han tilbake.

Lars Vaular til Rock n' LOL
Lars Vaular spelte sist på Søfteland fredagen i 2010 (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 15. mai 2013 05:51

Det kokte på Sanden i 2009 då Lars Vaular var ein litt ukjend rappar frå Åsane, faktisk så ukjend at han blei satt på programmet tidleg på kvelden.

– Det var det året det tok av.

– Vi hadde ikkje seld ein einaste billett på førehand, og tenkte at går det så går det, fortel festivalsjef Andreas Lindborg.

– På programmet, i tillegg til Vaular, sto mellomanna Kvelartak og John Olav Nilsen og gjengen fredagskvelden.

– Det tok heilt av, det var enorme køar i baren og vi gjekk tom for armband, så vi måtte hente fram dei frå året før for å ha nok.

Ville tilbake

Lars Vaular slo igjennom etter å ha vore på Søfteland, men tilbake til den "lille" festivalen på garden til Olav Valle ville han.

– Då han kom tilbake året etter, så følte vi at no hadde vi ein skikkeleg festival.

– Artistane hadde høyrt om oss og ville spele hos oss. Vi hadde fått rigga skikkeleg scene og meir profesjonelt opplegg, mimrar Lindborg.

Igjen blei Vaular ein suksess med "Solbriller på" og "Rett Opp og Ned".

Ringen slutta

Når rapparen no kjem tilbake for tredje gong er ringen på mange måtar slutta.

– Han var med då det tok av, og han er med når vi no rundar av.

Les òg: – Det er over!

Vaular er for tida aktuell med sin nye hitsingel "Nonsens" og kjem med nytt album i haust.

Artistane

Så langt har Søfteland Rock 'n LOL lansert desse artistane til festivalen 5. og 6. juli:

BigBang
Real Ones
Lars Vaular
Honningbarna
Mikhael Paskalev
KingCalling
Eirik Søfteland
Major Parkinson
Cockroach Agenda
Vinnar Eggstock 2013

– Vi er ikkje ferdig med det. Det kjem fleire i løpet av kort tid, forsikrar festivalsjef Andreas Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.