Sport | 25. nov. 2019

Lasse Styrvoll på pallen i Bergen Døds by Bula

To verdsmeistrar var dei einaste som var betre enn Lasse Styrvoll.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. nov. 2019 21:18

Bildeserie:

Lasse i lufta. (Foto: Kjetil Helgesen)
Lasse i lufta. (Foto: Kjetil Helgesen)
Andreas Olsen i fritt fall. (Foto: Kjetil Helgesen)
Andreas Olsen i fritt fall. (Foto: Kjetil Helgesen)
Osingane f.v.: Øystein, Thomas, Lasse, Andreas og Arne. (Foto: Erik Vågen)
Osingane f.v.: Øystein, Thomas, Lasse, Andreas og Arne. (Foto: Erik Vågen)
1 av 3
Lasse i lufta. (Foto: Kjetil Helgesen)
Andreas Olsen i fritt fall. (Foto: Kjetil Helgesen)
Osingane f.v.: Øystein, Thomas, Lasse, Andreas og Arne. (Foto: Erik Vågen)

Laurdag kveld blei Bergen Døds by Bula arrangert for andre gong. Folk strøymde til etter Lysfesten, og arrangementet hadde over 800 på tribunen.

– Dette er 4-5 gongar fleire enn i fjor! Vi merker at interessa for dødsing aukar på, kvar gong eg er i AdO ser eg ungdom som øver. Før var det omtrent berre eg og austlendingane som heldt på med dette, seier osingen Arne Veim Haugland.

Sjølv sat han i dommarpanelet denne gongen, men det var fire osingar på deltakarlista og mange blant publikum.

Andreas Olsen har halde på med dødsing ei stund og Lasse Styrvoll debuterte på Tysnes Døds Challange. I tillegg var Øystein Takle Eide med for første gong, og debutant Thomas Vivås Håvardstun blei henta inn i då regjerande verdsmeister Kim André Knutsen skadde seg dagen før.

Lasse Styrvoll frå Osbadet Dødsekrets fekk eit mareritt av ein start, men klatra til semifinale og vann bronsefinalen.

Kjempa mot to verdsmeistrar

– Eg glei i avsatsen på kvalifiseringa, og hamna nest nedst på rankinglista før eg skulle i duell, fortvilar Lasse.

Arrangørane hadde ny vri med 2 mot 2. Lasse møtte verdsmeisteren frå 2016 og 2017, Truls Torp i første runde.

Der blei det tap, men Lasse var beste av dei 16 som blei slått ut i første runde, og fekk den siste plassen i runde to. Der slo han Tommy Haugland og tok seg vidare.

– Eg måtte prøva noko eg ikkje har gjort før, ein 720 (gradar), og det gjekk bra.

I semifinalen gjekk han mot Emil Lybekk, som vann VM i 2017. Der blei det òg tap. Så var det bronsefinale mot Kjersti Almelid. Der snurra Lasse endå ein runde til 1080 gradar og landa bra nok til å sikra 3. plassen.

– Dette gav skikkelig meirsmak! No får eg berre sikta meg inn på eit kvalifiseringsstemne til våren, og sjå om eg kan vinna ein plass i VM 2020, seier Lasse.

– Det var også veldig kjekt at Øystein og Thomas blei med. Begge rauk ut, men gjorde god figur! synest Lasse.

• Sjå video frå Tysnesfest og frå trening med slengdisse (!) i Os

Vinnaren blei Filip Julius Devor, som vann VM i 2013, 2014 og 2015. Yngstemann som deltok var Leo Landrø på 14 år.

Alle deltakarane: Lasse Styrvoll, Andreas Olsen, Edvard Lund, Truls Torp, Emil Lybekk, Trygve Kolås, Klaus Finne, Anders Rox Friberg, Simen Mathisen, Leo Landrø, Filip Julius Devor, Ravn Einarsson, Tommy Haugland, Erlend Bommo, Matias Eidsvik, Ivar Vaadan, Øystein Takle Eide, Magnus Borgen, Nicolai Damler Andresen, Niklas William Paulsen, Frode Erichsen, Aleksander Frostad, Kristian Fredheim, Martin Strøm Amundsen, Christoffer Friis Ribe, Tormod Nesse Heggestad, Lina Galaasen Lund, Kjersti Almelid, Jacob og Thomas Håvardstun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.