Sport | 17. okt. 2014

Lassen open for klubbskifte

– Eg var i møte med Norling i går, fortel osingen Simen Helland Lassen.

Lassen open for klubbskifte
Simen Lassen, her i oppvarming med A-laget i fjor, ser ikkje ut til å få proffkontrakt med SK Brann. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. okt. 2014 21:43

Torsdag fekk osingen Fredrik Heggland (18) kontrakt med Brann.

Den andre osingen i klubben, Simen Helland Lassen (19), var også i møte med trenar Rikard Norling, men står utan kontrakt eller tilbod.

– Eg forsto det sånn på han at han meiner eg bør gå vegen til Tippeligaen via førstedivisjon, fortel Simen til Midtsiden.

Trass i at sjansane no er store for at SK Brann sitt A-lag rykker ned til nettopp førstedivisjon, kan nok klubbskifte bli aktuelt for Simen.

I år har han spelt for Brann 2 som kjempar for å halda plassen sin i Oddsenligaen.

På skule i Bergen

– Vi får sjå kva klubbar som eventuelt er interessert.

– Vurderer du å flytta til eit anna fylke for å spela?

– Eg byrja å studera på Handelshøgskolen i haust, så eg trur nok at eg vil ta omsyn til studiene og halda meg i bergensområdet.

– Kan Åsane, som no rykte opp til 1. divisjon, bli aktuell, at du blir lagkamerat med Vegard Leikvoll Moberg igjen?

– Eg veit ikkje. Eg var i dialog med dei i sommar, men har ikkje høyrd noko frå dei no på tampen av sesongen.

Fredrik fekk ikkje spela

I fjor var Simen i troppen med A-laget ved eit par tilfelle, utan proffkontrakt, i år er han senior og for gamal til å stå på B-lista.

Nysignerte Heggland, som i år heldt på B-liste-plassen fram til kontraktskriving i går, var i troppen til kveldens kamp, sesongen nest siste heimekamp, som gjekk mot Sarpsborg 08.

Fredrik var i oppvarming, men fekk ikkje Tippeligadebuten sin i kampen som Brann leia, men tapte 1-2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.