Politi | 25. okt. 2021

Lastebil hamna i grøfta

Utforkøyring i Åsen.

Lastebil hamna i grøfta
Bilen blei taua vekk i 20.15-tida. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. okt. 2021 18:42

Ein liten lastebil køyrde utfor Lyseklostervegen måndag kveld.

Bilen blei henta av bergingsbil i 20.15-tida, så trafikken går som normalt på staden.

Ifølgje vitne var det ikkje politi på staden, noko som kan bety at det ikkje var personskade.

Det er uvisst kva som var årsaka. Det er 7-8 varmegradar, men store nedbørsmengder kan ha spelt inn på køyreforholda.

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå operasjonssentralen i Vest politidistrikt for informasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.