Politi | tolv timar sidan

Lastebil hamna i grøfta

Uhell på Haugland måndag kveld.

Lastebil hamna i grøfta
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 07. juli 2026 08:14

Måndag klokka 18.14 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Haugland.

– Ein utanlandsk lastebil hadde køyrd i grøfta, med fronten utfor vegen, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Lastebilen framsto som uskadd. Det var passasje forbi bilen.

Politiet hadde ikkje ledig kapasitet til å køyra til staden.

Klokka 08-24 måndag morgon fekk politiet melding om ei stropp som låg i vegbanen inne i Skogafjellstunnelen retning Bergen.

– Vegtrafikksentralen overtok oppdraget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?