Lokal | 09. mai 2019

Lastebil sto i full fyr

Brannvesenet rykte ut til Hegglandsdalen i kveld.

Lastebil sto i full fyr
Det skal ikkje ha vore fare for spreiing til nabobygg. (Foto: Erik Ask)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. mai 2019 22:54

Bildeserie:

Brannen er no slikt. Hytta er utbrent. (Foto: Erik Ask)
Brannen er no slikt. Hytta er utbrent. (Foto: Erik Ask)
1 av 1

Torsdag i 22.15-tida rykte Os brannvesen ut på melding om brann i ein dumper.

– Førar skal vera ute av bilen. Det er heller ikkje farleg gods om bord, var politiet raske med å melda.

– Dei som var på staden hadde gjort ein god innsats med å prøva å sløkka den, fortel Martin Austgulen i Os brannvesen.

Likevel var det framleis opne flammar då brannvesenet kom fram.

– Det gjekk fort å slå ned flammane, og det var heller ikkje fare for spreiing til nokre bygningar.

Det er foreløpig uvisst kva som var årsaka til brannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.