Lokal | 11. juni 2017

Latterleg effektiv hypnose

Normalt blir teknikken brukt som terapi - her viser Bjørn Lunde og Kristine B. Tikkanen også ei morosam side eller to.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. juni 2017 19:47

Bjørn Lunde frå Lysefjorden var i 2010 ferdig utdanna og sertifisert hypnoterapeut og EFT-behandlar frå Hypnoseakademiet.

Sidan har han hjelpt folk med alt frå å slutta å røyka til å bli kvitt fobier, angst og hodepine.

Oppdaga nytt talent

Ein av dei som har fått hjelp av hypnose, Kristine Bjånesøy Tikkanen, blei kvitt vonde og vedvarande smerter i hovudet.

No har ho sjølv gått i opplæring og starta med å gje behandling.

– Ho er eit stort talent, ho har ei gåve eg sjølv skulle ønskt at eg hadde, seier Lunde, som ikkje er redd for å visa litt show-hypnose for Midtsiden.

Eit nyttig supplement

– Det er ikkje noko mystisk eller magisk ved hypnose, skriv Erik Tunstad, fagredaktør på forskning.no.

Hypnose er ikkje ein medisinsk behandlingsform i seg sjølv, mensnarare eit nyttig supplement innan smertelindring og smertekontroll.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.