Lokal | 17. jan. 2012

Lause hundar og rar parkering

Politiet har fått melding om lause hundar i Vågshaugen og trafikkfarleg parkering ved Os barneskule.

Lause hundar og rar parkering
– Merkeleg og farleg parkering, meinte ein innringar. (Mobilfoto/lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 17. jan. 2012 12:16

Måndag fekk politiet melding om ein eller fleire lause hundar i Vågshaugen.

– Hundane skal ha vore skremmande for folk i området, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Han minner om at hundeeigarar, der det ikkje er bandtvang, likevel må ha kontroll på hundane sine.

Førebels har ikkje politiet oppretta sak på gårsdagens hundeslepp.

Dårleg parkering

Tysdag formiddag fekk politiet, og Midtsiden, melding om ei rar og trafikkfarleg parkering.

– Bilen står parkert i motsett kjørefelt, på ein stad der det er ganske uoversikteleg, fortel innringaren.

Ei stund seinare kom patruljen på plassen og traileren forsvann. Eller i motsett rekkefølgje (!).

– Eg ser at det er notert at vi har hatt ein bil ute i det området, men ikkje meir enn det, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.