Dyra gjekk nær E39 mellom denne fotoboksen og brua rundt svingen. (Arkivfoto: KVB)
Dyra gjekk nær E39 mellom denne fotoboksen og brua rundt svingen. (Arkivfoto: KVB)

Lause kyr i grøfta på E39: Ber turgåarar hugsa grinda

– Det kunne blitt farleg for både dyra og trafikantane om dei gjekk ut i vegen.

Kjetil Vasby Bruarøy
31. juli 2020 - 9:37

Torsdag i 9-tida fekk politiet fleire meldingar om lause kyr langs E39 Halhjemsvegen på Øvre Lekven.

– Vi fekk heldigvis tak i eigar, som raskt fekk dei tilbake på rett beite, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Dei fire kyrne skal ha kome seg ut ei open grind, og gjekk nær Halhjemsvegen mellom Lepsøykrysset og brua over E39 på Lekven.

– Om dei hadde gått ut på E39, i 70-sona, kunne det oppstått farlege situasjonar. Det er viktig at turgåarar tar omsyn og hugsar å lata igjen grinder etter seg.

Det er bonden Rune Lekven einig i.

– Kyrne er som små ungar, dei har lite forståing for biltrafikk, og kan like gjerne gå ut i vegen, som vekk, om det kjem bil.

Han er glad han var i nærleiken. Han skildrar dyra som kjælne, og dei kom springande då han ropte på dei.

– Det er heldigvis ikkje så ofte at turgåarar gløymer grindene, men av og til kjem dyra seg ut sjølv. Det går som oftast bra om dyra kjem seg ut, men det er litt skummelt om dei går ut på trafikert veg, spesielt om dei hadde gått ut på E39.

Også i natt kom det melding om dyr i vegbanen. Klokka 05.12 var det to hestar som vandra på Lepsøyvegen på Thuen (desse er ikkje Rune Lekven sine).

Meldar skal ha jaga hestane ut av vegbanen. 

Les meir om

Lokal Politi