Næringsliv | 27. nov. 2012

Lefsebakeriet lagt ut for sal

Er du interessert i ein "kombinasjonseiendom" på 1000 kvadratmeter?

Lefsebakeriet lagt ut for sal
Lefsefabrikken på Bø i Os, med bygning på 1070 kvm og tomt på 7,2 mål, er no lagt ut for sal. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. nov. 2012 09:37

I juni blei Vestlandslefsa-fabrikken på Bø stengt, i september blei fabrikken tømt for utstyr.

No er fabrikklokalet lagt ut for sal.

Prisen? 4,5 millionar kroner.

Bygningen, som blei reist i 1965, er på 1070 kvadratmeter, fordelt på 530 kvm produksjonslokale, 380 kvm lager, 125 kvm kontor og 35 kvm kjellar.

Rask respons

"Hjemmelshaver og eier til eiendommen er Rieber og Sønn ASA. Salget vil bli gjennomført som et ordinært eiendomssalg" står det i annonsen.

– Annonsen blei publisert i går og vi har allereie hatt grei respons. Vi legg opp til ei fellesvising i neste veke, fortel eigedomsmeklar Lars Erik Wirsching i DNB.

Tomta er på 7,2 mål og området er regulert til industri.

Nabobygget kjem også for sal

Nærmaste nabo til lefsefabrikken, eigedomen som smeden Johs Sælen & Sønn AS heldt til i før flytting til nytt bygg i Hegglandsdalen, skal også seljast.

– Eg har hatt interessentar, både på kjøp og leige, men har førebels ikkje rydda ferdig så eg må venta litt med å annonsera eigedomen, fortel Bjørn Sælen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.