Kultur | 21. jan. 2014

Legehumor på Catten

Sel fulle hus på Latter i Oslo. Laurdag kjem Jonas Kinge Bergland til "Råkt Opp og Ned" på Catten.

Legehumor på Catten
Lege og komikar Jonas Kinge Bergsland kjem til Catten laurdag 25. januar (pressefoto)
Andris Hamretysdag 21. jan. 2014 06:39

For omlag to år sidan starta Jon Hægland "Råkt Opp og Ned", eit underbruk av Standup Bergen, på det som då heitte Irish Cat. Målet var å ha månedlege klubbkveldar med 4-5 komikarar på scenen kvar kveld. Den siste tida har det vore stille på komiscena i sentrum.

– Vi har ikkje hatt tid til å ha fokus på dette midt oppe i dei krava vi fekk frå kommunen, men no er vi klare, smilar Bjarte Andersen på Catten Nightclub.

Første gong solo

Komikaren som er henta inn laurdag er kjend frå mellomanna VGTV, kor han har sin eigen serie "Weltschmerz".

– Jonas Kinge Bergland er utdanna lege i tillegg til å vera komikar.

– Han er no ute på sin første soloturné og har lagt turen om Os, seier Andersen.

Alternativ medisin

Showet "Dr. Bergland og Den Alternative Medisin" gjenspeiler bakgrunnen til Bergland, for etter seks år på legestudie og tre år i helsevesenet har komikaren eitt og anna å seie om den gåtefulle bransjen.

– Eg snakka med ein klarsynt for eit par år sidan, og ho kunne fortelje at eg skulle sette opp eit show i 2014, og at showet kom til å bli dritbra.

– Så vi kan ikkje anna enn forevente at det blir eit dritbra show. Eg gler meg, seier Jonas Kinge Bergland sjølv i omtala av showet.

Sel fulle hus

Showet er òg satt på på Latter i Oslo i februar kor dei tre første framsyningene allereie er utselt og det byrjar bli få billettar igjen på dei siste showa.

Bergland vann prisen for årets gjennombrot under Komiprisen 2012 og har mellomanna snakka politikk med komikar Dag Sørås og Trond Giske i "Underhuset" på TV2 og briljert saman med Knut Nærum i "Nytt på Nytt" på NRK.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.