Lokal | 21. juli 2012

Legevakten har fått ny bil

No har også legevakten blitt signalgul. Men blålysa på taket er det ikkje mange av legane som har lov å bruka.

Legevakten har fått ny bil
Leiar for legevakta i Os, Siri Linn Fotland, fekk fredag overrekt den nye legevakt-bilen av brannsjef Stein Gjøsund. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. juli 2012 10:27

Dei siste åra har legevakten i Os hatt eigen bil, først ein Mitsubishi Outlander og så ein Hyundai, som viste seg å vera for liten.

– Medan legevakten venta på ny bil fekk dei låna ein feiar-bil vi hadde til overs. Bilen var fullt brukande, men det blir nok godt for dei å skifta til mercedesen, ler brann- og redningssjef Stein Gjøsund.

Les òg: – Eit beredskapshus

Gjøsund har tatt imot bilen, som står registrert på Os brannvesen. Fredag blei den overrekt til administrativ leiar ved legevakta i Os, Siri Linn Fotland.

Med plass til røykdykkarar

Den nye bilen er ein Mercedes GLK med firehjulstrekk og 2,1-liters dieselmotor på 170 hk (124 kW).

– Bilen har fire sete. Bakseta er rigga med plass til to røykdykkarar, men seta kan også justerast på så det er komfortabelt å sitja i baksetet også utan dykkarutstyr.

Har sete fast i trafikken

Det mest tydelege nye med den nye legevaktbilen er den signalgule fargen og blålysa på taket.

– Eg kjenner til fleire tilfelle og minst to konkrete, der legevakta har blitt ståande fast i køane som har danna seg etter visse ulykker, fortel Gjøsund.

Men det er ikkje kven som helst som har lov å kjøra med blålys og sirener, det er berre eit par av dei tilsette ved legevakta i Os som har det nødvendige kompetansebevis 160.

Fotland fortel at legevakta førebels ikkje har plan om å kursa dei tilsette heller.

– Det er eit kostbart kurs og det kostar ei del å halda det ved like, derfor ventar vi nok med dette, seier ho.

Tettare samarbeid

Brannvesenet i Os er ofte først ute til ulykkesstadar, og har first responder-teneste, altså kompetanse og ansvar for førstehjelp fram til ambulanse eller lege er på plass.

– Med den nye legevaktbilen blir legevakta meir synleg både på skadestaden og på veg til skadestaden.

– Brannvesenet kjem dessutan til å få eit endå tettare samarbeid med legevakta når vi får felles lokale i den nye brannstasjonen.

– Eit eksempel er at mannskap frå brannvesenet kan vera sjåfør for legevakten når vi rykker ut, sånn at også den kjører utrykning. Den nye legevaktbilen kjem nok til å bli brukt på ulike oppdrag, trur Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.