Legg bølgebrytar på svai mens sjøleidning skal seinkast
Os kommune ber båtførarar ta ekstra omsyn i Os hamn onsdag

Bildeserie:
I oktober blei to av dei siste tre bølgedemparane som skal skjerma Os hamn lasta på båt i Tallin. Bølgebrytaren som ligg der i dag skal få selskap av tre til, men desse kan ikkje forankrast før ein sjøleidning til OHARA (nytt hovudreinseanlegg for avlaupet i Os) er lagt forbi.
Leidningen er ein pumpeleidning for avløpsvatn, traseen ser du i bildet over.
Onsdag er dagen, fortel Os kommune.
– På morgonen blir leidningen slept frå Ådlandsfjorden i Fusa kommune til anleggsområdet utanfor Mobergsvikjo. Vidare arbeid med posisjonering og seinking av lediningen vil gå fortløpande fram til leidningen er på plass i løpet av onsdag kveld eller natt til torsdag, melder Os kommune.
Noko etterarbeid og registrering vil halde fram ut veka.
– Vi ber alle sjøfarande i området om å ta omsyn til det planlagde arbeidet.
Ein av bølgjedemparane i ytre hamn vil bli mellombels lausna frå bardunane på sjøbotnen og lagt på svai, slik at leidningen kan passera.
Når arbeidet er over ligg det til rette for å slepa dei siste tre bølgedemparane, som ligg lagra på Fusa, over fjorden til Os for plassering som du ser i bildekarusellen over.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.