Toril og dottera Mona rydda no klart til opphøyrssal. (Foto: 2Villa)
Toril og dottera Mona rydda no klart til opphøyrssal. (Foto: 2Villa)

Legg ned butikken: Back to basic for 2Villa

Nettbutikken består, men det unike «showroomet» i Os Næringspark stenger i sommar.

Kjetil Vasby Bruarøy
20. mai 2020 - 10:02
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Tysdag kveld fortalte Skåtøy-familien at dei legg ned butikken 2Villa, som opna i Os Næringspark hausten 2016.

«Det er mange grunner som har ført til dette triste valget og det som setter to streker under svaret er situasjonen Norge er i. Varene vi importerer er blitt mye dyrere og vi kommer oss ikke ut for å finne nye, vakre skatter til dere. Folk handler naturlig nok mindre i en slik vanskelig tid og utgiftene løper avgårde som vanlig» skriv mor og dotter Toril og Mona Skåtøy.

– Vi har tenkt på det før, det er tøft å driva butikk, men dette med korona blei for valdsamt, seier Toril til Midtsiden.

Butikken fekk ein brakstart etter opning, og første heile driftsår, 2017, blei òg veldig bra.

– Sidan har det gått jamt og fint. Vi har hatt nokre fantastiske kundar i heimbygda, og sikkert like mange tilreisande frå Bergen. Fleire av dei har vore faste kundar som har hatt mange lange handleturar i butikken. Nokre av dei har sagt at dei føler dei er på ferie når dei er hos oss, og det synest vi jo er kjekt.

Toril er travel som intensivsjukepleiar, Mona har vore ute i to morspermisjonar etter opning. Men dei har hatt flinke tilsette i butikken.

Meldinga på Facebook og Instagram har fått kommentarar som viser at mange har sett pris på det handplukka, asiatiske utvalet.

Her er nokre av kommentarane:

«Å nei! Min favoritt butikk! Dette var veldig leit å høre», «dette var veldig trist - en flott butikk med et annerledes utvalg varer til god kvalitet!» og «Takk for at dere har turt å satse - butikken deres er magisk».

Aukar på nett

– Etter at korona kom har vi hatt stengt ein del, men handelen har vore god dei dagane vi har hatt ope. Då er det spesielt osingar som har vore innom, vi har sett tydeleg at mange har vore opptatt av å bruka pengar lokalt.

– Samtidig har vi hatt god vekst på nettbutikken, og her er det spesielt mykje handel frå Austlandet.

Nokre kundar kjøper for ein tusenlapp eller to direkte i nettbutikken, andre vil ha større ordrar og tar kontakt via epost.

– Her kan det bli ganske stort volum. Vi har vore oppe i over 70.000 kroner p éin ordre, og skal snart levera ein ordre på rund 60.000 kroner.

Nettbutikken vil bestå, men Skåtøyane tar ein liten pause på nett mens det frå fredag er opphøyrssal i butikken i næringsparken.

– Vi har ope utvalte dagar i mai, og nærmast vanlege opningstider ut juni. Så blir vi i butikken og ryddar ut i løpet av juli. Då blir det ikkje faste opningstider, men mogleg å handla mens vi er der.