Næringsliv | 30. nov. 2017

Legg ned etter fire månadar

Omsetnaden blei halvert på to månadar, fortel drivar, som vil flytta butikken til Bergen.

Legg ned etter fire månadar
Onsdag var det lapp på døra, også torsdag formiddag var det mørkt i butikklokalet. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. nov. 2017 10:49

Butikken Exotic Food, som opna i Telthuskvartalet 27. juli i år, legg ned.

– Det er ikkje grunnlag for å driva vidare. August hadde ok omsetnad, men så gjekk det nedover og i oktober var den halvert, fortel innehavar Aljafra Baker.

Han trur nyopna butikk i Os sentrum, med nesten identisk vareutval, skapte for stor konkurranse.

– Eg vil flytta butikken til Bergen og held på å pussa opp eit lokale.

Huseigar overtar

Huseigar, Bjørnefjorden Invest AS, kjøpte bygget i desember i fjor. Utestaden Empire blei ny leigetakar i andre etasje mens restauranten AroyDee var eksisterande leigetakar på gateplan.

Exotic Food kom inn på AroyDee sin leigekontrakt.

– AroyDee hadde løyve til framleige etter at dei i juli la ned. Men vi teikna ny leigekontrakt med Exotic Food, som i utgangspunktet ville leiga lokalet vidare ut, men vi sa nei, fortel Thomas Olsen frå Bjørnefjorden Invest.

Huseigar vil sjølv ha kontroll på kven som blir nestemann inn.

Ledig frå januar

Exotic Food har sagt opp avtalen sin og skal vera ute av lokalet innan 15. desember.

– Vi vil pussa opp nokre veker, men skal ha lokalet klart for utleige frå 15. januar, seier Olsen.

Lokalet er 150 kvadratmeter stort inkludert trappehuset opp til 2. etasje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.