Næringsliv | 10. aug. 2010

Legg ned på Os

Konkurransen er hard i pizzabransjen i Os. Om nokre veker har Dolly Dimples sin siste opningsdag i Irisgården.

Legg ned på Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. aug. 2010 08:03

- Dolly Dimples på Os var ein knallsuksess, dei hadde kanskje den beste starten nokre av restaurantane våre har hatt, seier driftsdirektør Hans Erik Johnsen.

Men etter opninga i 2003 har det gått jamt nedover. To dårlege somrar på rad har heller ikkje vore positivt for restauranten på Os si beste solside.

- Den viktigaste årsaka til nedgangen er nok overetablering, det er for mange pizzarestaurantar i Os til at alle kan driva godt.

Vil du ha deg ein Dolly-pizza i Os før det er for seint må du slå til i løpet av august, tysdag 31. august blir siste opningsdag.

Framleige og sal
Dolly Dimples har tre år igjen av leigekontrakten i Irisgården.

- No vil vi prøva å få til ein avtale med framleige eller sal, ikkje som Dolly Dimples, men til andre som eventuelt vil driva restaurant i lokalet.

Personalmøte i går
Måndag kveld var dei seks tilsette ved restauranten i Os samla på Dolly for å få informasjon om nedlegginga.

- Dei visste at det gjekk dårleg, så dei var ikkje så overraska. Men det som er litt kjekt er at vi kan tilby vidare jobb til alle i restaurantar i Bergen, noko det ser ut som om dei fleste vil takka ja til.

Tøff konkurranse over heile landet
Johnsen bur i Stavanger, er utflytta osing og har ansvar for drifta av restaurantane kjeda eig sjølv.

- Av 78 Dolly-restaurantar eig vi 39, frå Stavanger til Bergen og Ålesund på Vestlandet, og blant anna i Oslo og Moss på Austlandet.

- Korleis går det med Dolly på riksbasis?

- Vi merkar auka konkurranse fleire plassar. Det har vore litt tøffare å driva restaurant etter at finanskrisa starta hausten 2008, fortel Hans Erik Johnsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.