Bjørnafjorden kommune | 04. jan. 2023

Legg ut kondolanseprotokoll i dag

Protokollane vil seinare bli overrekte til familien til Mikal Leigland.

Bjørnafjorden rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. jan. 2023 08:49

I samband med varaordførar Mikal Leigland (Sp) sin bortgang i romjula, blir det lagt ut kondolanseprotokoll i Bjørnafjorden rådhus og i Kommunetunet i Eikelandsosen frå i dag, onsdag 4. januar.

– Her kan alle som ønskjer skrive ei siste helsing. Protokollane vil seinare bli overrekte til familien, opplyser kommunen.

Mikal Leigland, her i valkanmp for Sp i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògMikal Leigland har gått bort

Kondolanseprotokollen i rådhuset vil vera tilgjengeleg ved hovudinngangen måndag til fredag frå klokka 08 til 15.30.

Kondolanseprotokollen på Kommunetunet i Eikelandsosen vil vera tilgjengeleg ved inngangspartiet tysdag og onsdag klokka 10-15, torsdag klokka 10-19 og laurdag klokka 10-14.

Kondolanseprotokollane vil ligga framme til og med fredag 13. januar 2023.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.