Bygningen Tore Lehrmann fekk reist i Telthuskvartalet midt på 80-talet blei i dag selt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lehrmanns-bygget blei selt i dag

Fire osingar har gått saman og kjøpt 300 kvadratmeter i Telthuskvartalet. No kan det koma ny utestad i Os sentrum.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I går fortalte vi om Tore Lehrmann, som i nokre veker har hatt næringsbygget sitt i Os sentrum for sal med annonse på Facebook.

I dag blei bygget selt.

Nyoppretta selskap

Det er fire osingar som har gått saman og kjøpt bygget. Bygget skal eigast av Bjørnefjorden Invest AS, eit selskap som er under oppretting.

– Kvar av oss har nokre eigedomar frå før, leilegheiter for utleige, fortel Thomas Olsen.

Thomas eig Bjørnefjorden Invest AS saman med Jan Eirik Tvedt Skjeldal, Kjell Morgen Søvik og Stein Ole Moberg.

– Vi trur tida er rett for å kjøpa eigedom i Os sentrum. Øyro er under oppussing og fleire andre bygg har fått nye eigarar.

Kan koma ny utestad

Bygget i Telthuskvartalet står på ei 150 kvadratmeter stor sjølveigd tomt, som i si tid (og kanskje framleis) var Os' dyraste.

I første etasje er thairestauranten Aroydee leigetakar, mens andreetasjen, som tidlegare husa Bar2Be, ikkje er i bruk.

Trass Søvik og Moberg si fartstid som dørvaktar på Madammen på 80-talet har dei nye eigarane ikkje planar om å driva utestad sjølv.

– Men vi vil prøva å få leigetakar, lokalet er nyoppussa og framleis innreia som pub. Vi har vore i dialog med ein aktuell leigetakar, men ingenting er avgjort enno, seier den rykande ferske gardeigaren i sentrum.

 

 

 

Fleire saker