midtsiden

Lei av piratkjøring

Det siste halve året har talet på piratdrosjar i Os auka kraftig. No er Os Taxi lei.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

- For ein månad sidan kontakta vi politiet og dei siste vekene har vi systematisk notert registreringsnummeret på bilane vi ser blir brukt til piratdrosje. Omfanget er urovekkande stort, seier Kjell Ole Sperrevik.

Sperrevik har eit av dei 16 drosjeløyva i Os, og dei ser alle tydeleg at piratsjåførane er store konkurrentar i helgene.

Stille i bua
Fleire av drosjesjåførane var i bua då Midtsiden.no var innom torsdag formiddag. Dei reknar med at rolegare tider i utelivsbransjen i Os er blant årsakene til at det blir færre turar i helgene. Samstundes registrerer dei mange piratsjåførar.

- Når vi har 14 av 16 bilar inne på vent klokka 01.30 natt til sundag, så er det noko gale. Dette er ikkje kjekt for oss som driv i næringa, og som betalar skatt på inntektene våre.

Torsdag kveld, når det er jam og quiz på utestadane, og fredag og laurdag kveld mellom klokka 23 og 4 om natta, er tidene dei registrerer flest piratdrosjar.

- Det er heller ikkje særleg motiverande for dei som har helgejobb hos oss, og som kjører på provisjon. Dei sit i bua og ser andre håva inn svartepengar.

Dyr millionbutikk
Os Taxi fortel om rykter om svært høg svart inntekt blant konkurrentane.

- Eg har høyrt om ein som tente over 20.000 kroner på éi helg. Eg trur eg er forsiktig om eg seier at den ulovlege verksemda i Os årleg sel kjøring for ein million kroner.

- Prisen mange opererer med er 200 kroner per person. Vi har også passasjerar som fortel at dei har betalt dyrt for å koma seg heim, i dei fleste tilfella er piratdrosje langt dyrare enn vanleg drosje.

Bruker Facebook
Drosjesjåførane i Os har inntrykk av at det alltid har vore ein og to som kjører pirat, om ikkje så organisert. Det har dei heller aldri sett på som noko problem.

- Om det er lang kø på haldeplassen vår, og nokon går bort på Esso-stasjonen og ber nokon om å kjøra seg heim for ein hundrelapp, så bryr ikkje vi oss om det. Problemet no er at dei er kommersielle, og dei er fleire.

Blant gjengangarane er det 5-6 piratdrosjar, men samla sett meiner drosjesjåførane at det er endå fleire som av og til kjører ulovleg.

Os Taxi kjenner til at fleire marknadsfører seg på Facebook, der dei publiserer at dei kjører, med mobilnummer og gjerne pris.

Kan ta både førarkort og bil
Os Taxi har sjekka ut registreringsnummera på bilane som går som piratdrosjar i helgene.

- Det ser ut som om dei fleste som kjører er ungdomar i foreldra sine bilar. Vi har også vore i kontakt med sjåførar og foreldra deira, der foreldra trur ungane kjører nokre kameratar, men eigentleg er ute og driv svartarbeid i stor stil.

Piratsjåføraren kan ifølgje Os Taxi risikera både bot, førarkort beslag og til og med beslag i bil.

Midtsiden.no har ikkje lukkast i å få kommentar frå Os lensmannskontor, om korleis dei ser på problemet.

Fleire saker