Kultur | 12. mars 2021

Leiger Oseana til 70-årsdagen sin

Forfattar Bente Bratlund vil visa heile seg. Om eit år.

Leiger Oseana til 70-årsdagen sin
Bente Bratlund er nabo til Oseana, der ho om eitt år vil feira 70-årsdagen sin med framsyning. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. mars 2021 08:31

I dag fyller forfattar Bente Bratlund 69 år. Same dag legg Oseana ut billettar til framsyninga «All of me» av og med Bente.

Ho har nemleg leigd Oseanasalen, eller «nabolokalet», som Sjøfront-innbyggaren kan kalla det, til 70-årsdagen sin laurdag 12. mars 2022.

– Temaet blir «no er livet!». Etter over 80 bøker og etter 70 år på jorda er det på sin plass å feira livet, seier Bente.

Bratlund debuterte med ei diktsamling i 1977, og har sidan gitt ut over 80 bøker, dikt, romanar og barnebøker.

Ho har vore mykje brukt som formidlar, både med opplesing, skrivekurs og skulebesøk for å inspirera elevar.

Bente sin plakat er publisert, og billettane til 2022 er lagt ut for sal.
Bente sin plakat er publisert, og billettane til 2022 er lagt ut for sal.

– Framsyninga vil bli ein kveld med lun varme, og med alvor og humor i god blanding.

– Eg har òg med meg musikalsk følgje av «husorkester» og gjestar.

Bratlund har vakse opp i Os, tatt lærarutdanning på Stord og studert drama i Bergen. Ho har jobba som lærar og journalist før ho frå 1992 blei forfattar på heiltid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.