Fotball | 22. nov. 2020

«Leik» blei seriemeister med Bodø/Glimt

Sikra gullet fem rundar før slutt.

«Leik» blei seriemeister med Bodø/Glimt
Vegard Leikvoll Moberg (t.h.), her saman med Ulrik Saltnes. (Foto: Håkon Kjøllmoen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. nov. 2020 21:16

Bodø/Glimt slo Strømsgodset 1-2 på bortebane i dag, og sikra med det gull i Eliteserien.

Osingen Vegard Leikvoll Moberg spelte frå start og heile kampen.

Glimt tok leiinga i 4. minutt ved Kasper Junker og auka til 0-2 i 12. minutt ved Philip Zinkernagel. Godset reduserte i 84. minutt, med serieleiaren heldt leiinga kampen ut og sikra gullet.

Moberg har vore på banen i 4 av 5 kampar etter returen frå danske Silkeborg, frå start i 3 av dei, og med nettkjenning i 2 kampar.

Trenar Kjetil Knutsen, som òg var Moberg sin trenar i Åsane, overtok Glimt etter at Vegard hadde vore med og sikra opprykk til Eliteserien. No blir trenaren hylla som ein helt i Bergens Tidende.

Oppdatert: Rekk han å få premie?

På papiret treng Moberg å spela 1/3 av kampane for å få gullmedalje og diplom, altså 10 av 30 kampar. (Sjå paragraf 2.1)

Dette skal ha blitt justert på etter kritikk i fjor, til 1/4 av kampane, runda ned til 7 kampar.

Leik har spelt 4 og det er 5 kampar igjen. Førre seriemeister frå Os er Bjørn Dahl, som spelte 15 kampar då Brann tok gull i 2007.

Bodø/Glimt sine fem siste kampar, som altså ikkje har noko å seia for plasseringa deira på tabellen, går mot Rosenborg, Start, Stabæk, Haugesund og Viking.

Til no står Glimt med 22-2-1 og 85-28 i målforskjell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.