Fotball | 31. okt. 2014

«Leik» har signert for Åsane

Vegard Leikvoll Moberg er ein av dei tre første som har signert for nyopprykka Åsane. – Dei er viktige krumtappar, seier sportsleg leiar.

«Leik» har signert for Åsane
Vegard Leikvoll Moberg, her i kamp på Brann stadion mot Brann 2 i fjor, har signert for Åsane (arkivfoto: Henrik Mjelva)
Andris Hamrefredag 31. okt. 2014 08:02

Torsdag fekk Åsane, som rykkjer opp til 1. divisjon frå neste sesong, dei første signaturane på plass.

Saman med Eirik Wollen Steen, Marcus Stueland har Vegard Leikvoll Moberg signert proffkontrakt med klubben.

– Vi i Åsane Fotball er særs nøgd med å ha signert tre krumtappar frå årets sesong.

– Dette er spelarar som alle har gjennomført solide sesongar, og som har vore viktige for suksessen i år, seier sportsleg leiar Trond Bjørndal til klubben si heimeside.

Interne på plass først

Signeringa med dei tre er eit viktig signal frå klubben om korleis dei tenkjer og ønskjer å framsto. Det å resignera spelarar som har vore med på opprykket og få på plass dei interne løysingane først har vore viktig.

– Vi har stor tru på at deira fine utvikling held fram, og at dette er spelarar som vil bli viktige bydragsytarar i 1. divisjon for Åsane.

«Leik»: Hamnar midt på tabellen

Vegard Leikvoll Moberg, som fekk delar av sesongen øydelagt med eit brudd i fotbladet, er offensiv før neste sesong.

– Forventingane til sesongen er høge. For laget sin del har eg tru på ein sesong der vi vil hamna midt på tabellen.

– Målsettinga kjem nok til å bli å halda seg, men eg har tru på meir, seier Leikvoll Moberg, som denne sesongen har vore visekaptein på Åsane.

– Når det gjeld forventningane til meg sjølv, så må eg ærleg innrømma at eg ventar å kunna ta nivået relativt kjapt.

– Sjølvsagt vil det nok svinga i prestasjonane både for meg og for laget, men det er normalt når det er første året på høgare nivå, seier Leikvoll Moberg til klubben si heimeside.

Så gjenstår det å sjå om det blir eit Os-oppgjer i 1. divisjon neste år, eller om Fredrik Heggland og Brann klarer å berga plassen i Tippeligaen. Bjarte Haugsdal og Nest-Sotra har éin kamp igjen og litt rett over streken før siste runde i årets 1. divisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.