Sport | 17. jan. 2013

"Leik" og Lassen er nominert

Dei to tidlegare Os-spelarane Vegard Leikvoll Moberg og Simen Helland Lassen er begge nominert til å spela på allstar-lag mot Brann.

"Leik" og Lassen er nominert
Sist Simen (t.v. i svart) og Vegard spelte saman var i MidtsidenCup i november. Då tok dei seg til finalen i eliteklassen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. jan. 2013 07:44

Også i år vil Brann spela treningskamp mot ei samling av dei beste spelarane frå 2. divisjonsklubbane i bergensområdet.

Kampen mellom Brann og Sparebanken Vest-laget skal gå i Vestlandshallen søndag 17. februar klokka 15.00.

Trenarane i Arna-Bjørnar, Fyllingsdalen, Fana, Åsane, Nest-Sotra og Brann 2 har nominert sju kandidatar frå kvar sin tropp, og på Brann.no kan du stemma på dine favorittar i mål og forsvar, på midtbane og i angrep.

Osing og Åsane-spelar Vegad Leikvoll Moberg er nominert saman med Brann 2-spelar Simen Helland Lassen, som gjekk frå Os til Brann etter sesongslutt i 2012.

– Eg er glad for at eg er nominert og synes sjølvsagt det er kjempegøy om eg blir stemt inn på laget, seier Vegard.

Her kan du stemma!(Brann.no).

Frist for å setja opp ditt allstar-lag er fredag 25. januar.

– Om eg kjem med på laget håper eg at eg får spela saman med Simen, og helst med mange frå Åsane òg.

Både Vegard og Simen er midtbanespelarar.

Sist det var osingar på allianselaget var i 2010. Då hadde Os fire nominerte.

Erik Kanestrøm blei stemt fram i tillegg fekk Kjetil Hansen spela for motstandarlaget som reservekeeper for Brann.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.