Sport | 30. des. 2010

Leik prøver seg som løve

- Vi har følgt med Vegard Leikvoll Moberg i haust og er på jakt etter ein hengande spiss, seier Tom Mangersnes frå Løv-Ham.

Leik prøver seg som løve
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. des. 2010 18:12

Vegard Leikvoll «Leik» Moberg ligg godt an til å få kontrakt i Mjøndalen. Men Drammensklubben er ikkje det einaste Adeccolaget som er interessert i Os sin toppskårar.

- Vi har sett 5-6 Os-kampar i 2010 og Vegard har markert seg veldig godt. Spesielt i haust, då han fekk ny rolle som hengande spiss, la eg og hovudtrenar Arne Sandstø merke til han, seier assistenttrenar og spelarutviklar i Løv-Ham, Tom Mangersnes.

Aust eller vest?
Etter treningsopphald og vellukka treningskamp med Mjøndalen var Vegard ein av dei to på prøvespel klubben viste interesse for.

- Dei har sendt ein epost til Os Turn, men til feil kontaktperson, så dialogen klubbane imellom har blitt utsett. Innhaldet i ein eventuell kontrakt er noko eg tar med Mjøndalen i etterkant, seier Vegard.

Løv-Ham fortel at lang sesong og Vegard sitt opphald i Spania gjorde at dei ikkje rakk å ta kontakt med Os-spelaren før Mjøndalen. Då Vegard via Os-trenar Øyvind Steffensen tok kontakt for å høyra om prøvespel, var dei veldig positive.

- Vi ville i utgangspunktet ikkje setja han i ein situasjon der han fekk for mykje å velja mellom, det er ein policy vi har ovanfor unge spelarar, men vi blei veldig glade for at Vegard viste interesse, seier Mangersnes.

- Årsaka til at eg vil prøva med i Løv-Ham er at eg ser det som ein fordel å bli verande på Vestlandet, både med tanke på jobb ved sida av og eventuell skule til hausten, seier spelaren sjølv.

- Har reell sjanse
I Mjøndalen er dei på jakt etter ein hengande spiss, og dei har allereie sagt at Vegard vil på tilbod om kontrakt. Kva med Løv-Ham? Har osingen ein reell sjanse til å koma i stallen?

- Ja. For det første er det hengande spiss vi i hovudsak ser etter, etter at Fredrik Haugen gjekk til Brann. For det andre er det berre Vegard vi tar inn på prøvespel til denne plassen.

- At han har gjort det skarpt både i 2. divisjon og i JetCup med Brann gjer at vi ser veldig fram til å ha han med på treningane våre.

To treningsveker - to kampar
Tysdag 4. januar skal Vegard på si første trening med Løv-Ham. Vidare skal han trena med den lokale Adeccoklubben i to veker fram til og med eit lite vestlandsmeisterskap i Vestlandshallen 15. og 16. januar.

- Der møter vi Haugesund laurdag og anten Brann eller Viking om sundagen. Etter dette tar vi stilling til om vi vil ha Vegard med oss i 2011, seier Mangersnes.

- Kva om det ikkje blir Løv-Ham?

- Då går eg nok til Mjøndalen, om dei framleis er interesserte, seier Vegard Leikvoll Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.