Skjermskot av tweeten til Vegard, som viser kven som har best fysikk, og av Betsafe, som på sin måte har illustrert forskjellen. (Twitter.com)

«Leik» sin Ronaldo-tweet sett av over 1 million!

Vegard Leikvoll Moberg skårer høgare på fysikk enn Christiano Ronaldo! Tweeten hans går no viralt.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag ettermiddag fortalte Eurosport.no om osingen og Bodø/Glimt-spelaren Vegard Leikvoll Moberg sin tweet til Christiano Ronaldo.

Ronaldo har i FIFA si ferske ranking fått ein totalscore på 94 av 99 moglege, Eliteseriespelaren Vegard har fått 62.

Men spelarane har òg fått poeng på ulike eigenskapar, og på fysikk skårer den tidlegare Os-spelaren svært bra, og skal ha fått mest i Eliteserien med heile 81 av 99.

Ronaldo må nøya seg med 79 av 99.

– Eg blei tipsa av ein lagkamerat om dette, og så sendte eg tweeten til Ronaldo, fortel Vegard til Midtsiden.

Sidan har det tatt av.

Har spreidd seg til Mexico

Litt før klokka 17 i dag var det over 1 million som hadde sett tweeten, 5.200 har retweeta og over 18.000 har likt den.

– Eg har ikkje hatt tid til å bla nedover og sett alle, men det må nesten vera nokre litt kjente namn som har retweeta, sidan det har tatt sånn av, seier «Leik».

– Den einaste kjendisen eg har lagt merke til er Håvard Lilleheie, då han likte den i går. Det var stas.

Forutan Eurosport har Aftenposten tatt kontakt og Betsafe har tatt tweeten nok eit hakk vidare med manipulert bilde av styrkeforskjellen.

Merksemda har òg vore internasjonal.

– Det er retweets og likes frå USA og mange frå Mexico. Frå Tyrkia har det kome ekstra mange, der er det visst òg enkelte som meiner eg bør spela for Besiktas.

Sportsleg tar Vegard det heile med knusande ro, nøgd med å vera tilbake med mykje speletid for Bodø/Glimt igjen.

– Men eg kan ikkje tweeta igjen etter dette, eg har nok nådd toppen akkurat der, seier Vegard, etter vellykka «debut» når det kjem til å bruka bachelorgraden han har i marknadsføring.

Fleire saker