Sport | 21. jan. 2017

«Leik» skåra sitt første for Sogndal

Vegard Leikvoll Moberg fekk i dag si første nettkjenning for eliteserieklubben.

«Leik» skåra sitt første for Sogndal
Vegard i dagens treningskamp, som midtstoppar. (Foto: Toril Walker Norheim, Sogndal Fotball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. jan. 2017 22:56

Laurdag spelte Sogndal sin andre treningskamp for vinteren, etter 5-0 over Førde førre helg blei det 2-0 (0-0) i dag.

Osingen Vegard Leikvoll Moberg, som gjekk frå Åsane til Sogndal i juli 2016, skåra sitt første for eliteserieklubben då han sette inn 2-0-målet.

– Ballen kom ut igjen på kant etter ein corner. Eg nærmast sklitakla ballen i mål på første stolpte, fortel Vegard til Midtsiden.

– Sjølv om det berre var ein treningskamp var det kjekt å skåra sitt første! legg han til.

• Les òg: – Vegard har utvikla seg mykje

To kampar som midtstoppar

Leikvoll Moberg spelte midtstoppar i både denne og førre treningskamp.

– Det er ei av dei aktuelle rollene mine. Også i Åsane spelte eg i periodar midtstoppar, som er ein posisjon eg liker godt.

Alle spelarane har fått kvar sine omgangar i treningskampane. I førre treningskamp spelte han dei første 45 minuttane, i denne spelte han dei siste.

Les meir om kampen på sogndalfotball.no.

– No for tida har vi ein del tilgjengelege midtbanespelarar, men ikkje så mange stopparar.

Møter Brann på Gran Canaria

Neste helg tar Sogndal imot Kristiansund til treningskamp, i starten på februar går turen til Gran Canaria.

– Det blir to treningskampar i vinter, først Gran Canaria, så Marbella, fortel Leikvoll Moberg.

Sogndal startar serien borte mot Sarpsborg08 søndag 2. april.

Kampane mot Brann blir heime 20. mai og i Bergen 10. september.

Skal du på Sognefjord Lerum Cup til sommaren kan du, ved å vera igjen nokre timar søndag 2. juli, få med deg Sogndal - Aalesund frå klokka 18.

Her er terminlista til Sogndal i 2017.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.