Lokal | 29. juni 2014

Leika seg til båtinteresse

– Det var utruleg kva vi fekk lov til, kor tolmodige mor og far var, seier båtbyggar Hallgeir Forstrønen Bjørnevik (48).

Leika seg til båtinteresse
– Eg nyter kvar time eg er i og utanfor naustet, anten eg jobbar eller er her med familien, seier Hallgeir framfor verkstaden på Bjørnen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. juni 2014 08:44

Bildeserie:

Eit ausefat han lagde då han var 12 år og ei seglskute han bygde saman med far då han var nokre år yngre. (Foto: KVB)
Eit ausefat han lagde då han var 12 år og ei seglskute han bygde saman med far då han var nokre år yngre. (Foto: KVB)
Ein gamal og ein ny, oselvaren i naustet er bygd rundt 1910, oselvaren på utsida er bygd i 2012. (Foto: KVB)
Ein gamal og ein ny, oselvaren i naustet er bygd rundt 1910, oselvaren på utsida er bygd i 2012. (Foto: KVB)
– Alle burde kunna pålestikk, seier Hallgeir, som kvar haust fortel niandeklassingane i Os om båtliv og om oselvaren. (Foto: KVB)
– Alle burde kunna pålestikk, seier Hallgeir, som kvar haust fortel niandeklassingane i Os om båtliv og om oselvaren. (Foto: KVB)
I 2011 bygde Hallgeir ein åttring i Vognhallen, ein rekonstruksjon av ein gamal, knust båt. (Foto: KVB)
I 2011 bygde Hallgeir ein åttring i Vognhallen, ein rekonstruksjon av ein gamal, knust båt. (Foto: KVB)
Åttringen bygde han saman med Bjørn Ådne Kvalvik. (Foto: KVB)
Åttringen bygde han saman med Bjørn Ådne Kvalvik. (Foto: KVB)
I april i år var det staseleg sjøsetjing av ein seksæring Hallgeir Bjørnevik har bygd for Hordamuseet. (Foto: Kjell M. Økland)
I april i år var det staseleg sjøsetjing av ein seksæring Hallgeir Bjørnevik har bygd for Hordamuseet. (Foto: Kjell M. Økland)
1 av 6

Han rakk nesten å bli prest før han returnerte til Os og blei båtbyggar. No kombinerer han bygging av oselvar og restaurering av ulike trebåtar med maritim undervising av ungdom, både via kyrkja og Den kulturelle skulesekken.

– Eg har det veldig fritt og nyter kvar arbeidstime når eg bygger båtar i naustet. Samtidig er det godt å ha noko fast, og å få vera med ungdom som er interessert i fiske og båtliv.

Frå song til studie

Gode opplevingar i populære Join Us, songgruppa for ungdom i Os kyrkjelyd, fekk Hallgeir til å ønskja å bli prest. Han var over fire år inn i teoligistudiet då han hoppa av og returnerte til Os.

– Eit stykke ut i studia merka eg at det ikkje var heilt dette eg ville, allerie då låg det eit ønskje om å jobba med båt i meg.

Utdanning på heimebane

Etter ei stund som lærarvikar og i ulike småjobbar blei det snakk om å bygga Oselvarverkstaden for å ta vare på den unike båtbyggarkunsten.

– Eg var veldig interessert og eit par år etter opninga i 1997 fekk eg plass. Det blei lesing og jobb som lærling, ei veldig interessant og kjekk tid.

Fire år seinare hadde han fagbrev.

Blei meir fri

Som ungdomsskuleelev var forming og sløyd fag som Hallgeir like godt.

– Eg hadde Hans Ingebrigtsten som lærar, og han er både hyggeleg og flink. Men eg hugsar det var ei oppgåve eg ikkje likte, vi skulle laga nøkkelskap. Eg var ikkje så lysten på å laga det der skapet som alle skulle laga, og sidan vi fekk vikar veka etter så tok eg sjansen og lagde noko heilt anna.

Noko heilt anna ville naturlegvis seia; ein båt. Og unge Bjørnevik fekk karakteren S på båten.

I 2009, etter 10 år ved Oselvarverkstaden, byrja Hallgeir for seg sjølv. Også då handla det om å vera fri.

– Det var ein risiko, men eg hadde lyst til å bli meir fri, både innan faget som båtbyggar og til å ta andre prosjekt.

Frå fire til åtte årer

Hallgeir har bygd rundt 20-25 oselvarar. Han har også restaurert ulike trebåtar, bygd tresnekker og hatt eit par meir spesielle båtbyggarjobbar.

I 2011 sto han i Vognhallen saman med båtbyggar Bjørn Ådne Kvalvik og bygde ein åttring (båt med fire årepar). Det heile var ein rekonstruksjon av ein eldre, øydelagd båt som oppdragsgjevar sin familie hadde hatt mykje glede av.

I april i år var Hallgeir ferdig med ein seksæring som han har bygd for Hordamuseet. Med seg under bygginga har han hatt lærlingen Lorentz Andreas Humlevik, og dåp og sjøsetjing var akkompagnert av Os Mannskor.

Undervising og ungdom

Rett før påske var Hallgeir aktuell på Shetland. Der gjorde han handverksdemonstrasjonar på den internasjonale St. Magnus-konferansen.

Dette fekk stor merksemd og han var mellom anna det visuelle trekkplasteret i reportasjar i Shetland News, Shetland Times og han vart intervjua av BBC Radio.

Men også i Os held Hallgeir maritim undervising. To veker kvar haust er han med på å ta imot niandeklassingane i bygda på foredrag og praktisk opplæring i oselvar. Prosjektet er finansiert via Den kulturelle skulesekken og Os kommune engasjerer Bjørnevik til å læra frå seg både historie og praktisk kunnskap, knutar, ausing, segling og roing.

Med 40 prosent stilling for Os kyrkjelyd blir det også undervising av konfirmantane, Hallgeir har fiskegruppa med seg på svaberg og ut i båt.

– La ungane få prøva seg!

Oldefaren til Hallgeir på mora si side, Johan Martin Forstrønen, var båtbyggar. Også Hallgeir sin far jobba nokre år med klinking i Askvik før dei byrja med plast. Men kanskje like viktig som arv har det vore med miljø, for å forma båtbyggaren Bjørnevik.

– Eg har utruleg mange og gode minne frå oppveksta som handlar om livet ved sjøen, i og rundt naustet vårt.

– Far og mor var utruleg tolmodige, pappa viste oss, men let oss også få prøva. Vi bygde småbåtar i lag og vi bygde tømmerflåte, vi segla, rodde, bada og herja.

I naustet ligg ein gamal oselvar som Hallgeir og broren Simon fekk då dei var 6-7 år gamle. Båten er bygd av oldefaren rundt 1910, men blei ikkje akkurat behandla som noko varsamt av dei livlege oldebarna.

– Ein periode så dreiv eg og Simon og fylte heile båten med sjøvatn til vi fekk den til å søkka. Det var om å gjera å få den lengst mogleg ned. Det var fast hobby ei stund. Mor lurte på om det var så lurt, men vi sa at den kjem jo alltid opp igjen, så då var det greit.

– Eg trur det er veldig viktig på fleire område å lata ungane få prøva seg fram, feila, slå seg litt og be om hjelp – for så å læra, hugsa og meistra. Då kjem kunnskapen, motet, interessa og sjølvtilliten, seier Hallgeir Forstrønen Bjørnevik, som i løpet av marknadsdagane har tatt seg fri for å bygga små barkebåtar som ungane har leika med i Baronselva i Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.