Lokal | 12. juni 2009

Leiken arkitekt

I dag er det to veker til opning av Telthusplassen. Butikkane førebur seg og arkitekten hoppar frå stein til stein.

Leiken arkitekt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. juni 2009 23:04

Bildeserie:

1 av 4

Dagleg leiar i Os Bygg og Eigedom, Ottar Randa, var saman med arkitekt Ulf Røstøen frå Arkitektkontoret Ulf Røsten AS på inspeksjon av Telthusplassen denne veka.

- Trur du dette blir ein plass der folk kjem til å opphalda seg? undrast arkitekten.

Midtsiden lokka han til å ta seg ein tur over dei sylinderforma steinane som nyleg har kome på plass i Baronselva, og truleg fekk han svaret på det han spurde om.

Rennande vatn og utfordrande leik trekk til seg ungar. Med sitjeplass for dei vaksne i trappa ligg den nye plassen godt an til å bli ein populær stad å vera i Os sentrum.

Oppgradert bakgard
Butikkane rundt Telthusplassen førebur seg i desse dagar på opning. Bakketeig har fått kantsteinar og nytt bed på sida mot plassen, P. M. Sælen har rigga opp stillas for å mala.

- Det blir utruleg flott her, seier Marit Næss frå den ganske nye damemotebutikken i Telthuskvartalet, maBella.

Sidan før opning har ho vore førebudd på oppgraderinga av bakgarden, så ho treng berre vri om nøkkelen for å få inngang også frå Telthusplassen.

- Vi har dør mot Telthusplassen, men denne må flyttast. Det same må kassen, så eg har full oversikt, seier Steinar Bøe frå Instinct.

- Skissene er klare, butikkeigarane er positive og vi har dialog med huseigar. Eg håpar vi snarast kan opna mo den nye plassen òg, legg han til.

Opnar under Marknadsdagane
Om to veker, laurdag 27. juni klokka 13, skal det vera offisiell opning av Telthusplassen.

- Trur du det blir klart? undrast arkitekten.

Hovudentreprenør Robert Kaastad AS heldt skjema. Os Hageservice, som legg stein, måtte venta 10 dagar på båten frå Kina.

- Men vi brukte tida godt og skal klare dette, sa Tore Færøvaag til midtsiden.no i mai.

No er store delar av sden 10 cm tjukke steinen på plass på den 500 kvadratmeter store flaten. Arbeidet med å legga stein på kantane, i trappetrinna og på brua er i gong. I tillegg skal ein annan underleverandør spikra ein 140 kvadratmeter sto treplatting på plassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.