Lokal | 15. jan. 2010

Leiken løypekjøring

Os Turn er i gong med løypekjøring på Ulven. Sundag er det skirenn i Os igjen.

Leiken løypekjøring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. jan. 2010 14:56

Bildeserie:

1 av 2

Over 350 møtte til skirenn på Bjørnefjorden Golfklubb sundag som var. Førstkomande sundag er det nytt skirenn, denne gong med tidtaking og premiar til dei beste.

- Vi har konkurranse på alle nivå, men diplom til alle dei yngste, fortel Robert Nøss.

Fredag starta løypekjøringa på flystripa på Vaksinen. Os urn har fått låna klubbhuset til Os Aero Klubb som varmestove og kafé.

- Påmeldinga har vore god og vêrmeldingane er ikkje så verst heller.

Det er meldt snø om morgonen sundag, men sol og to varmegradar på dagen. På ettermiddagen skal det blir 2 minus. Sjå oppdatert vêrvarsel på yr.no.

Skirennet startar klokka 12 sundag, med følgjande klasseinndeling:
OPP TIL 1.KLASSE
1-2. KLASSE
3-4. KLASSE
5-7. KLASSE
8-10. KLASSE
SENIOR 16-50 ÅR, kvinner + menn
VETERAN 50 ÅR+, kvinner + menn

Påmelding kostar 50 kroner per deltakar eller 150 kroner for familie.

Tidspunkt for start for kvar klasse blir lagt ut på osturnfotball.no i løpet av laurdagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.