Leikte seg inn i noregstoppen

Emil Austevoll Harlem er suverén på Vestlandet. Det er veslebror Jakob òg, nærmast utan trening!

To brør vinn kvar sin klasse i vestlandsmeisterskapen LÅMØ, Emil (t.v.) og Jakob Austevoll Harlem. (Foto: Os Svømmeklubb)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. mars 2019 11:59

Bildeserie:

Debutant og veslebror Jakob var òg suveren.
Os stilte sterkt - og muntert - i LÅMØ.
Sondre Valle.
Emma S. Kjetland og Janne Holm.
Emil vann suverent med 4 gull og 1 sølv på dei 5 distansane.
Debutant og veslebror Jakob var òg suveren.
Os stilte sterkt - og muntert - i LÅMØ.
1 av 5
Os stilte sterkt - og muntert - i LÅMØ.
Sondre Valle.
Emma S. Kjetland og Janne Holm.
Emil vann suverent med 4 gull og 1 sølv på dei 5 distansane.
Debutant og veslebror Jakob var òg suveren.

Kvart år blir dei beste svømmarane i Noreg i alderen 10 til 15 år samla i fem ulike regionar, nord, midt, aust, vest og sør, i kvar sine landsdelsårsklassemønstringer (LÅMØ).
• LÅMØ er som allround, du må klara krava i fem ulike distansar for å delta.
• Den yngste klassen svømmer 50 butterfly, 100 bryst, 100 rygg, 200 medley og 400 fri.
• Dei fire eldste klassane svømmer 100 butterfly, 200 bryst, 200 rygg, 200 medley og 400 fri.
• Deltakarane i dei fire eldste klassane må dessutan vera rangert som 24. beste eller betre for å delta.
• Dei beste frå 13 år og opp går vidare til det nasjonale Årsklassemesterskapet.

Førre helg deltok sju svømmarar frå Os Svømmeklubb i LÅMØ, som denne gong blei arrangert på Karmøy, og samla dei beste svømmarane frå Hordaland, Rogaland og Sogn & Fjordane.

Dei kvalifiserte frå Os Svømmeklubb var Jakob Austevoll Harlem (fødd i 2008), Sindre Derit Haarstad (2006), Sondre Førde Valle (2006), Emil Austevoll Harlem (2005), Janne Marie Holm (2004) og Emma Skarstein Kjetland (2004). Grunna stryking fekk også Even Haarstad (2004) delta.

– Det blei ei fantastisk helg! Dei seks som var førehandskvalifiserte sette personlege rekordar i fleng, og vi har ei personleg rekord-uteljing på heile 87 prosent etter at alle hadde gjennomført fem distansar kvar, fortel Thomas Harlem.

Sjå resultata til Os-svømmarane lengre nede i artikkelen.

To brør i noregstoppen

Thomas er saman med kona Elin Austevoll Harlem hovudtrenar i Os Svømmeklubb. Ekteparet stifta klubben i 2017, nokre månadar etter at Osbadet opna, og har sjølv bakgrunn som toppsvømmarar.

Sønene følgjer i kjølvatnet, den eine med meir svømmetrening enn den andre.

Eldstemann Emil Austevoll Harlem har deltatt i LÅMØ kvart år sidan han var 10. I fjor var han suveren med 2 gull, 2 sølv og 1 bronse - førre helg kom han heim med 4 gull og 1 sølv og blei soleklar vinnar også i år. Dermed er han naturlegvis kvalifisert til Årsklassemesterskapet, som blir arrangert i juni. Resultata hans plasserer han dessutan på 3. plass på norsk ranking, tett bak 1. og 2. plassen.

Tre år yngre Jakob har eit meir avslappa forhold til svømming, og har fram til i år helst leika seg i basseng og rutsjebane mens storebror har vore på trening.

– Dei gongane han har svømt på tid så har vi sett at han har talent, men han har berre vore på eit par treninger i haust. Men no på nyåret sa han «eg kan jo prøva det der LÅMØ-greiene», fortel pappa Thomas.

Han trappa opp til to treninger i veka, kvalifiserte seg og blei soleklar vinnar med 3 gull, 1 sølv og ein 4. plass i gutar 11-klassen. Det er verken Årsklassemesterskap eller nasjonal ranking for dei under 13 år, men tidene hans er 3. best i Noreg.

– Jakob er ikkje, som mange av dei beste i den alderen, så stor og sterk. Men han er høg og har god teknikk. Ofte har han vore med på teknikktrening, men ikkje mengdetrening, derfor gjorde han det òg best på dei korte distansane.

Resultatat til dei andre frå Os:

• Emma Skarstein Kjetland hoppa fleire steg på rankinga, frå nummer 18 til 14 i jenter fødd i 2004. I same klasse blei Janne Marie Holm nummer 18, ho var nummer 20 før stemnet.

• I gutar 2006 blei Sondre Førde Valle samanlagt nummer 17. Han var nummer 22 før stemnet. Sindre Derit Haarstad klatra frå 24. til 21. plass. .

• Even Haarstadgjorde gode prestasjonar på dei to distansane han fikk svømma.

Emil invitert på elitesatsing

Som veslebror Jakob er Emil òg aktiv med fotball, og speler på Os G14 sitt 1. divisjonslag. Også hankjempar mot konkurrentar som trener meir, som har vakt svømming som einaste idrett, sjølv om han no er oppe i seks svømme-økter i veka.

– Eg og Elin veit kor tøff svømming kan vera som idrett, og kor lett det er for at ungdom sluttar i 16-17-årsalderen. Vi ønskjer at alle dei aktive svømmarane våre skal ha tid og overskot til å driva med fleire idrettar. Det var òg derfor Emil i fjor ikkje fekk lov av oss å delta på Årsklassemesterskapet, som han var kvalifisert til. Det hadde vore ein lang nok svømmesesong, syntest vi, og juni er ein travel månad på fotballen.

I år skal Emil få delta på Årsklassemønstringa for første gong. Etter resultata i LÅMØ er han invitert til å hospitera med Bergenssvømmerne si eliteavdeling for ungdom, under leiing av Sindri Thor Jakobsson. Nokre dagar etter LÅMØ blei han òg ein av tre inviterte frå bergensområdet til testing og oppfølging frå Elitesenteret i Bergen, under leiing av juniorlandslagstrenar og elitetrenar Kay Arild Paulsen.

– Tidlegare var vi raske med å senda dei beste til Bergen, som Tom Andree Moberg Johansen og Ariel Braathen. No har vi eit større miljø med aktive konkurranseutøvarar som gjer det bra, og har trappa opp treningstilbodet. Men det er klart at dette er noko Emil vil ha utbyte av.

Neste steg: Treningsleir i Ungarn i april

Trenarane Elin og Thomas er ikkje berre stolte over resultata, dei er glade for å sjå det gode samhaldet og miljøet i svømmeklubben.

– Vårt hovudmandat som idrettstrenarar er å bygga tryggleik, idrettsglede, sjølvtillit og samhald blant ungdom. Vi synest svømmarane våre viser nettopp dette, både i trening og når vi er på tur og i konkurranse saman. Gode resultat er ein hyggeleg bonus.

Svømmarane er no på tampen av sesongen, men legg seg i hardtrening fram mot påske.

– Då skal vi på treningsleir saman med 60 andre svømmarar frå Bergen. Turen går til den store svømmenasjonen Ungarn, seier Thomas, som er med som ein av seks trenarar frå bergensområdet.

Det blir òg fleire stemne framover, med AdO Cup i juni som neste hovudmål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.