Sport | 11. juni 2010

Leikte seg med juniorane

Vidare i cupen: Vegard Leikvoll Moberg og fleire juniorspelarar med seniorfartstid lagde målfest på Kuventræ.

Leikte seg med juniorane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. juni 2010 21:52

Os har eit av Noregs 16 beste juniorlag. Fredag kveld gjekk dei vidare til 1/8-finalen i NM etter braksiger over Bjarg.

- Vi spelte strålande! Gutane prøver å spela fin fotball, og når det fungerer som i denne kampen så er det fantastisk å sjå på, seier trenar Øyvind Steffensen.

Os vann 9-1 (3-0). Bjarg fekk trøstemålet på overtid.

- Bjarg stilte med fleire frå seniorstallen, eit betre lag enn kva vi hadde venta. Likevel var vi suverene, jublar trenaren.

Målskårarar, Os:
Vegard Leikvoll Moberg (2), Erik Kanestrøm (2), Baste Jonassen, Sven Lyssand, Espen Kopperud, Børge Borgen og Johannes Jordal.

Også Os stilte med fleire spelarar frå seniorstallen.

- Dei spelte fint saman med gamle lagkameratar og nye ungdomar som har kome til. Vi starta kampen med tre gutespelarar. Frode Øvredal vakta Os-målet gjennom heile kampen, Johannes Jordal skåra eitt av måla.

Dei to andre juniorlaga frå Hordaland, Løv-Ham og Fana, kjempar mot kvarandre i kamp om plass i ein av dei andre 1/8-finalane. Eller den same, sjansen er stor for at vinnaren av dette oppgjeret blir Os sin motstandar i kampen om kvartfinale i NM.

Os sitt lag frå start (4-4-2):
Frode Øvredal, Kristoffer Sande, Børge Borgen, Henrik Takle Eide, Joakim Bjørnevik, Simen Lassen, Johannes Jordal, Erik Kanestrøm, Vegard Leikvoll Moberg, Baste Jonassen og Mats Lepsøe.
Innbytarar med speletid: Tor-Erik Berge, Stian Bakke, Daniel Vevatne, Espen Kopperud og Stian Helland.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.