Lokal | 15. juni 2012

Leir for ungar med hund

Det er ikkje berre fotballspelarar og handballspelarar som kan gå på kurs i skuleferiane. No kjem nemleg Fjellanger Hundeskole med nystarta sommerleier.

Leir for ungar med hund
Bilde frå agility-løypa under opninga av den nye treningshallen til Fjellanger. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. juni 2012 13:34

Av: Christina Forstrønen Bruarøy
(Elev ved Os ungdomsskule, 8A, utplassert i arbeidslivet fredag 15. juni)

For første gong arrangerer Fjellanger Hundeskole ein sommarleir for born og unge med hund.

Sommarleiren er meint for ungar frå 8 til 15 år, saman med sin firbeinte ven, og kjem til å vara frå 8.30 til klokka 15 kvar dag heile veka etter at skuleferien har starta, altså frå 25. juni.

-Vi gleder oss veldig og er godt i gang med alle førebuingar, seier Silke Noll hos Fjellanger.

Delar av kurset er teori og øvingar utan hund, så då blir hundane plasserte i pensjonatet ved skulen.

– Frå torsdagen til fredagen kan dei som vil overnatta på hundeskulen. Då blir det leik og sosial stund utover kvelden.

Fredag etter lunsj skal leirdeltakarane laga show der alle viser ei øving som hunden har lært i løpet av veka. Då kan også familie og venar koma og sjå.

Les òg: Full guff i ny hall

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.