Lokal | 13. feb. 2012

Leitar etter lus

Uni Miljø er i Oselvo for å filma og fanga aure som er mistenkt for å vera kraftig ramma av lakselus.

To av forskarane på land etter ei symjetur ned elva. Her filma av TV2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. feb. 2012 13:51

Bildeserie:

Hamnesjefen og resten av svanefamilien følgte med på aktiviteten i elva. (KVB)
Forskarar i sving i Os hamn i dag. (Foto: KVB)
Først var det filming. (Foto: KVB)
Ein av dei større fiskane som sumte under brua. (Foto: KVB)
I ettermiddag skal forskarane prøva å fiska opp eit utval. (Foto: KVB)
Hamnesjefen og resten av svanefamilien følgte med på aktiviteten i elva. (KVB)
Forskarar i sving i Os hamn i dag. (Foto: KVB)
1 av 5
Forskarar i sving i Os hamn i dag. (Foto: KVB)
Først var det filming. (Foto: KVB)
Ein av dei større fiskane som sumte under brua. (Foto: KVB)
I ettermiddag skal forskarane prøva å fiska opp eit utval. (Foto: KVB)
Hamnesjefen og resten av svanefamilien følgte med på aktiviteten i elva. (KVB)

Etter at Midtsiden før helga kontakta to av forskarmiljøa i Bergen med spørsmål om auren i Oselvo har forskarane fatta interesse for, og oppdaga, at dette er sjøaure med lus.

– Viss dette er villfisk med lus, på denne tida av året, er det svært interessant, sa forskar Steinar Kålås hos Rådgivende Biologer, som ville ha kasta seg i elva med dykkarmaske same dag, om han hadde vore innanlands.

Det er vanleg at auren kjem til brakkvatn for avlusing, sidan lusa ikkje liker ferskvatn. Men det er sjeldan at det er mykje lus når temperaturen er låg. Forskarane trudde først at auren kom til brakkvatn i Oselvo for å få orden på saltbalansen, noko som også er vanleg. Men no ser det ut til at auren er full av lus.

Film og fiske

Og innanlands var fleire forskarar frå Uni Miljø, og dei var med dykkarar i Oselvo både i helga og i dag.

– Vi har fått løyve av fylkesmannen og grunneigarane å ta opp eit utval, fortel leiar hos Uni Miljø, Bjørn Barlaup.

– No vil vi først filma fisken, så bruker vi eit garn som trål og prøver å ta opp 30 til 50 fisk.

Fann villfisk og lus

Utanfor gjestebrygga i Os er det sjøaure som står, men denne var ifølgje forskarane litt vanskeleg å filma.

– Den virvlar opp salt i brakkvatnet som ligg øvst, så det blir slørete bilde, sa Bjørn, før han og kollegaene gjekk lengre opp i elva for å filma.

Der fann dei både sjøaure, regnbogeaure, villaks og oppdrettslaks.

– Det var mest villaks. Laksen såg ut til å vera fri for lus, men det var aure med veldig mykje lus å sjå.

I ettermiddag held forskarane fram med forsøk på å fiska opp noko av auren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.