Brann og beredskap | 15. okt. 2022

Leiteaksjon i Os - mann sakna etter tur

Frivillig mannskap er kalla ut i søk etter 70 år gamal mann.

Leiteaksjon i Os - mann sakna etter tur
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. okt. 2022 20:36

Politiet leitar etter ein 70 år gammal mann.

Mannen blei meldt sakna då han ikkje kom heim etter ein tur, opplyser Vest politidistrikt klokka 22.35 laurdag kveld.

Dei skal sjølv ha notert saknameldinga klokka 22.30.

Frivillige hjelpemannskap er på veg for å bistå i søket.

Politiet har følgjande skildring av antrekket mannen gjekk i: blå jakke, dongeri bukse og joggesko eller fjellsko.

Mannen har lyst hår.

Politiet har ikkje opplyst om kva område i Os mannen gjekk tur i, eller kvar han bur.

Midtsiden har ikkje lykkast i å koma gjennom til politiet.

Bjørnafjorden brann og redning var ikkje orientert om aksjonen då vi tok kontakt.

Oppdatert kl 22.41: Redningshelikopter er på veg frå Sola for å hjelpa til med søket, opplyser politiet.

Ifølgje vitne er det luftambulanse som har vore i området, ikkje redningshelikopter frå Sola, og luftambulansen returnerte til Bergen.

Oppdatert kl 22.50: Mannen skal ha gått tur i området mellom Øvredalsvatnet og Midtsæterfjellet. Politiet har ifølgje BT vore i kontakt med mannen over telefon, med kommunikasjonen har vore redusert, mogleg grunna dårleg dekning i området.

Det var familiemedlem som meldte mannen sakna. Han var sist sett i 19-tida.

Litt før midnatt opplyser politiet at dei er i kontakt med mannen. Han får hjelp til å koma seg ned.

Artikkelen blir oppdatert etterkvart som vi får meir informasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.