Lokal | 12. jan. 2016

Lekkasje i 3. etasje

Oshjørnet, som no skal bli til Baronsgården, blei våt i fleire etasjar måndag kveld.

Lekkasje i 3. etasje
Brannvesenet var allereie på øving i sentrum, og stilte tungt då dei blei varsla om lekkasje i Oshjørnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. jan. 2016 09:29

Måndag i 18-tida var Os brannvesen i Oshjørnet for å pumpa ut vatn.

– Huseigar varsla oss. Vi var allereie i sentrum og hadde øving med bruk av liften vår, så vegen var kort, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Den eine stoppekranen var stengt då brannvesenet kom fram, men det viste seg å vera nok ein stoppekrane i bygget.

– Det var eit rør i 3. etasje som hadde sprekt og det var godt med vatn i etasjen. Det dryppa også ned i 2. og delar av 1. etasje.

10 cm med søl

Paal Herland frå Os Bygg og Eigedom fortel at han blei varsla av gruppa som låner lokalet der Opus Café heldt til.

– Ho prøvde å ta unna vatnet med ei bøtte og ei fille. Då eg kom opp på loftet sto det 10 cm med vatn inne på det eine rommet.

Årsaka var sprekk i kranen til ei vaskemaskin.

Kulde kan ha vore årsaka

Huset, som no skal sanerast, er nærmast heilt tømt då det skal byggast om til Baronsgården med 26 leilegheiter.

Kulde kan ha vore årsaka til at røret sprekte.

– Dette er førebels den einaste lekkasjen vi har vore ute på i samband med kulde, seier Monsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.