Lokal | 15. juni 2012

Lekkasje på lefsebakeriet

Etter at det blei stopp i produksjonen på Os har trykket bygd seg opp.

Lekkasje på lefsebakeriet
Brannvesenet på plass ved bakeriet som fram til mai i år produserte Vestlandslefsa. (Foto: Varde Film og Media)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. juni 2012 20:54

I 19-tida fredag kveld rykte brannvesenet ut på melding om gasslekkasje ved lefsefabrikken på Bø.

– Nokre naboar la merke til lekkasjen og meldte ifrå, seier Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Det viste seg at det var tryggleiksventilen på ein nitrogentank som hadde sleppt ut overtrykk.

– Eg ringte fabrikkeigar Rieber, som fortalte at tanken var fylt før produksjonsslutt i mai. Det er truleg solskin og varme som har fått trykket til å bygga seg opp.

– At det slepp ut litt nitrogen er ikkje farleg. Tanken står utandørs, så det var ikkje vare for at gassen skulle fortrenga oksygen, noko som kan vera farleg om du er innandørs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.