Lokal | 23. des. 2016

Lekkasje på Nore Neset

Fleire naboar ringte brannvesenet då alarmen kimte frå Nore Neset barneskule.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. des. 2016 22:40

Fredag kveld fekk Os brannvesen melding frå naboar om at alarmen hadde gått ved Nore Neset barneskule.

– Alarmen har ikkje varsling direkte til oss, men kimte høgt nok til at fleire naboar høyrde den tidleg, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Då dei kom til staden blei det klart at det ikkje var brann, men ein øydelagt varmvannbereder som var årsaka til at alarmen var løyst ut.

– Den spruta varm damp ut i rommet. Det var naturlegvis svært fuktig, men det var i eit tilfluktsrom, då det var nok ikkje snakk om dei store vasskadene.

Rektor var òg varsla og kom til staden. No må juleferien brukast til å få nytt varmtvatn til skulen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.