Lokal | 10. jan. 2021

Lekkasje på sjukeheim, bil på vippen, stengt veg og kablar i bakken

Snøen skaper trøbbel ulike stadar i bygda.

Lekkasje på sjukeheim, bil på vippen, stengt veg og kablar i bakken
Breiband på Berge blei løfta med brannvesenet sin lift. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. jan. 2021 20:03

Laurdag og natt til søndag var det utforkøyring og sladding, men òg utover søndagen har det tungte snøvêret skapt utfordringar.

– Vi har vore ute og sikra ein bil som glei utfor ein mur og var nær på å ramla ned på Lyseklostervegen.

Ingen blei skadd, men vegen var stengt ein periode.

– Bilen er i ferd med å bli berga no, fortel brannsjef Eivind Hovden.

Tre velta over veg

Brannvesenet var på synfaring på Ole Bulls veg, frå Lysefjorden over Søvikåsen mot Ulven.

Der var det eit tre over vegen, som frå klokka 20 har vore stengt med bom.

Hogst på Drange

– Vi har òg vore på Drange, der nokre tre hang over leidningar. Vi har kappa trea, BKK Nett tar seg av leidningane seinare.

Ifølgje BKK Nett sitt kart over straumbrot, er det 55 abonnentar utan straum ulike stadar, men ingen på Drange eller andre stadar i Bjørnafjorden kommune.

Berga breiband på Berge

Tidlegare i dag har ein kabel gått i bakken på Berge ved Hatvik.

Både politi og brannvesen rykte ut til kabel i bakken på Berge. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Både politi og brannvesen rykte ut til kabel i bakken på Berge. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

– Det viste seg at dette var ein breibandskabel. Vi var inne med lift og løfta den opp, så ingen skulle køyra over og skada den.

– BKK eller Bergen Fiber vil sørgja for ei meir permanent løysing seinare.

Full utrykking til sjukeheim

I tillegg til vêr-relatert utrykking på Os-sida av kommunen, har det vore problem på Fusa bu- og behandlingssenter i dag.

– Alarmen på sprinkleranlegget slo seg ut, og nokon meinte dei kjente lukten av røyk. Det førte til full utrykking, fortel Hovden.

Sjukeheimen blei evakuert. Gjennomsøk av bygget viste at det var ein større lekkasje på sprinkleranlegget, men ingen brann.

– Vi har brukt vass-sugar og vifter for å tørka opp, men ei heil avdeling er prega. Det er uvisst for meg om alle pasientane blir der over natta, eller om nokre er flytta til andre stadar, men sidan sjukeheimen no er utan sprinkleranlegg, har dei fått pålegg om å ha brannvakt der i natt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.