Lokal | 08. mars 2018

– Les seg opp og kjem inn bakdøra for å svindla

Vi har snakka med to av selskapa som har vore utsette for «slipe-ekspertane». Den eine blei truga på livet, den andre ventar besøk i morgon.

– Les seg opp og kjem inn bakdøra for å svindla
Dei utanlandske «slipe-ekspertane» som har vore i Os denne veka køyrde denne svensk-registrerte mercedesen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. mars 2018 08:28

I går gjekk politiet ut og åtvara mot svindlarar som oppsøker mekaniske bedrifter i Os og tilbyr sliping av verktøy.

– Tilbodet kan gjerne vera på 10.000 kroner. Når dei kjem tilbake med verktøyet er prisen 70.000 kroner, og dei framstår som trugande om ikkje du betalar.

Midtsiden har snakka med leiinga i to av minst tre firma i Os som denne veka har vore utsette for dei utanlandske «slipe-ekspertane». Han eine ventar verktøyet sitt tilbake i morgon, han andre fekk avvist forsøket, men var utsett for det same for to år sidan. Då blei han truga på livet.

Ein tilsett ved den tredje bedrifta fortel at dei snakka norsk, svensk, engelsk og tysk - og at dei prøvde å gje inntrykk av at dei kjente ein annan som jobba der, og at dei hadde ein avtale med vedkomande.

– Dei har tydelegvis lese seg opp

Bedrifta som leverte ut verktøy til utlendingane tidlegare denne veka ventar dette tilbake i morgon.

– Eg var vekke då dei var her tysdag. Dei kom inn til formannen og sa dei hadde avtale med meg om sliping av verkøy. Dei har tydelegvis lese seg opp på førehand, for dei kunne namnet mitt.

Dei fekk med seg noko verktøy og skulle koma tilbake med dette, ferdig slipt, på fredag.

– Eg er spent på kva jobb dei har gjort og på kva som er prisen. Men dei hadde uansett ingen avtale med meg på førehand.

Ringte «hundre» gongar for å truga

Ei anna indisutribedrift fortel at dei kom inn bakvegen, via verkstaden, ikkje kontoret.

– Dei tilsette var heldigvis førebudd etter sist gong, og sendte dei inn til meg. Det er rart om dei ikkje hugsar førre episode, for det er same folka, men eg sendte dei uansett på dør.

Førre episode var for to år sidan. Då fekk dei med seg nokre bor og kom tilbake med ei stor rekning.

– Dei hadde med seg ein heimelaga faktura, og to storvokste karar, og ville ha pengar der og då. Ei høg rekning for verdilaust arbeid. Eg sa at det er rekneskapsførar som tar alle utbetalingar, og fekk dei til å gå, men så kom alle telefonane og trugslane.

– Dei ringte meg dag og natt, også i helgene. Då eg blokkerte telefonen dei ringte frå så byrja dei å ringa frå andre telefonnummer. Dei truga med at ein eller annan romfolk-konge i Oslo skulle koma til Os og «ta meg». «Det er berre til å koma» sa eg. Men det var ganske ubehageleg.

– Kva med arbeidet dei utførte, var det heilt verdilaust?

– Ja. Dei tok med seg nokre betongborer, ein type som ikkje skal slipast, du sliter dei ut og kjøper nye. Då dei kom tilbake så hadde dei ikkje gjort noko anna enn å smøra dei inn med olje, det er rein svindel slik dei held på.

– Eg har òg lese om liknande episodar andre stadar, og det er fleire som har blitt så skremte at dei har betalt, både verkstadeigarar og bønder. Eg synest synd i dei som blir utsett for dette, og som blir så pressa at dei betaler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.