Lokal | 18. mai 2010

Lesarane sine bilde

Vi har fått helsingar og bilde frå blant anna New Zealand, Indonesia, krinsane i Os og fleire plattformer i Nordsjøen.

Lesarane sine bilde
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. mai 2010 12:38

Bildeserie:

1 av 10

I forkant av årets feiring inviterte Midtsiden.no som vanleg lesarane å senda oss bilde frå si feiring, anten dei feira i Os eller utanfor bygda.

Vi har fått fine svar og helsingar, med bilde frå 17. maifeiringa i Lysefjorden, Nore Neset, New Zealand, på båt i Indonesia og frå feiringa om bord på tre plattformer i Nordsjøen.

- Sender eit bilde frå 132 gradar aust og 8 gradar sør, nærmare bestemt Sumlakki i Indonesia.Feiringa her blei litt amputert då eg er den einaste nordmannen om bord i Beaufort Explorer, skriv Ole Møller.

- Å gå i tog åleine er ikkje det same som å vera heime i Øyane, men med temperaturar opp imot 30 gradar har eg det i alle fall varmt nok, held han fram.

I New Zealand er det haust og ikkje like varmt, men Marte Engelsen fortel om ei fin og tradisjonsrik feiring langt vekke frå heimbygda.

- Eg er for tida student ved Waikato University i Hamilton, New Zealand. Her blei Noregs nasjonaldag feira med brunost, rømmegraut, is, hotdog, 17.mai-leikar og tog gjennom campus, fortel ho.

På Oseberg, Statfjord A og Statfjord B ser det også ut som om feiringa har vore minst like spennande som heime.

Takk til alle som har sendt oss bilde og nokre ord om feiringa deira!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.