Lokal | 18. des. 2014

Lett å avsløra ulovleg xenon-lys

Pimper du bilen din med xenon-pærer i vanleg lykt? Vegvesenet tok fleire slike i Os i går, og det har byrja å straffa seg økonomisk.

Lett å avsløra ulovleg xenon-lys
Lars Harald Drange og resten av laget frå vegvesenet avslutta dagen ved Vognhallen i Os sentrum onsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. des. 2014 07:54

Statens vegvesen hadde trafikkontroll tre stadar i Os, frå klokka 8.30 og ut dagen i går.

– Vi starta ved den gamle brannstasjonen og heldt fram i Industrivegen og ved Vognhallen, fortel Lars Harald Drange.

Berre 5 av 476 kontrollerte fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte. Éin blei avskilta då vedkomande ikkje hadde omregistrering i orden.

– Vi stoppa også ein bil med for tungt brøyteskjer. Skjeret var også plassert så det skjulte kjennemerket på bilen, og bilen såg ut til å vera i så dårleg stand at den må inn til full teknisk kontroll.

510 kroner for ulovleg xenon

37 bilar blei kontrollert for lysbruk.

– Her var det ein del feil på bruk og utstyr. Særleg dette med ulovleg etterinstallering av xenon går igjen.

Det er ikkje lov å bruka xenonpærer i lyskasse meint for halogen.

– Det er lett å sjå om lyskassen er ok for xenon eller ikkje. For det første skal dei vera merka, for det andre skal dei ha både spyling og automatisk høgdejustering. Har du brytar i bilen for manuell høgdejustering er det ein indikator på at du ikkje kan ha xenonpærer.

Årsaka er at xenonlys er så mykje skarpare at ved feil kurve på lysa eller ved skit som gir spreiing av lyset, er det fare for blending av møtande trafikk.

– Tidlegare var det eit problem at bilistar som blei tatt med ulovleg xenon skifta pære, viste bilen hos vegvesenet og plasserte dei ulovlege xenonlysa tilbake på bilen.

– Men no er det sånn at du, når du må visa bilen med rette pærer, også må betala 510 kroner, fortel Drange.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.