Lokal | 30. aug. 2012

Lever feitt i Os

Smørkrisa ser ut til å vera på veg tilbake, dei norske kyrne leverer stadig magrare mjølk. Men hos Rune Lekven er livet feitt.

Lever feitt i Os
Fôr og omgjevnadar er viktige faktorar for feittinnhaldet i mjølka, fortel Rune Lekven, her med ei av hans 26 mjølkekyr. (Foto: Laila Reiertsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. aug. 2012 09:58

Tekst og foto: Laila Marie Reiertsen (utplassert i Midtsiden-redaksjonen)

Vi har smørkrisa frå i fjor enno i minne når Tine no er uroa for stadig minkande feittinnhald i mjølka, mindre bruk av mjølk og auka bruk av smør.

– Norske forbrukarar var tydelege i fjor på at dei føretrekk norsk smør, og Tine skal strekka seg langt for å innfri dette ønsket, seier kommunikasjonssjef i Tine, Øystein Knoph til Aftenposten.no.

Feittprosenten i mjølka låg tidlegare stabilt på 4,17. No er den i snitt 4,07, men i Os er det feitare varer å få tak i.

Betre fôr - betre genar

Ein av dei største mjølkebøndene i Os, Rune Lekven, har 26 mjøkekyr på den moderne garden på Grindavoll. På førre levering var feittprosenten målt til 4,25.

– Dei siste tre åra har Tine Vest, som eg leverer til, på landsbasis hatt førsteplassen på feittinnhald, fortel Rune.

Han har jobba på gard i 40 år, dei siste 12 åra som eigar. Korleis held han feittprosenten så høg?

– Omgjevnadane og fôret har mykje å seia. Men den viktigaste faktoren er, som oss menneske, genetisk. Nokre kan eta kva dei vil utan å legga på oss, andre aukar i vekt berre dei ser på maten.

Fleire produksjonsdyr på veg

– Stamtavla er viktig, det er arv og genar betyr mest, slår Lekven fast.

I tillegg til dei 26 mjøkekyrne har han 74 ungdyr.

– Det er viktig at du heile tida har tilgang på nye produksjonsdyr, seier Rune.

Låg løn og lite tilgjengeleg arbeidskraft

Om kyrne leverer feitt er bonden sjølv litt uroa for framtida til bøndene på Vestlandet.

– Fleire og fleire legg ned, dei føler dei jobbar for hardt i forhold til kva dei sit igjen med.

I 1980 var det 75 mjøkebønder i Os. No er det 8.

– I tillegg til låg forteneste per time er det vanskeleg å skaffa avløysar. Sjølv er eg heldig og får hjelp av nærmaste familie, menover tid er det meir ideelt å kunna leiga inn avløysar om du vil ha litt ferie.

Kjem med tiltak

Norsk smør vil vi ha, men vi har ingen garanti for norsk leveranse i framtida om ikkje bøndene får betre vilkår.

Når det kjem til framtida til smøret fortel Tine om fleire tiltak:

• Lansering av fettfattige produkt
• Avl av kyr med feitare mjølk
• Redusert toll på smør

Tine har bedt Statens Landbruksforvaltning setja ned tollen på smør for alle aktørar frå 1. september i år. Denne nedsetjinga er førebels sett til å vara i ein og ein halv månad.

Også rett før jul i fjor blei det redusert toll for at butikkane skulle få smør i hyllene. Då kom det smør frå Danmark, Frankrike og Belgia.

Les òg: – Mat er ikkje sjølvsagt

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.