22 år gamle Tone Rose Bratland flytta til Os for å gå på Kongshaug Musikkgymnas. Ho forelska seg i Osbygda og blei verande.
– Det var noko med bygda og musikkmiljøet som fanga meg, og som sa at her skulle eg vera.
Frå folkemusikk til pop
Ungjenta frå Telemark har føtene godt planta i folkemusikkarva.
– Eg kan kveda og eg er ein habil fløytespelar, men som 13-åring bestemte eg meg. Det var song eg hadde lyst å halda på med og eg starta eit rockeband.
– Allereie då skreiv eg mykje musikk og visste at det var det eg ville driva med framover, fortel Tone Rose, som òg har rekt å bli noregsmeister på seljefløyte og lært kveding av mor til Odd Nordstoga.
– Det blei vel ikkje heilt godt mottatt heime at eg ikkje ville gjera som storesyster mi, Ingebjørg, og halda meg til folkemusikken, men lidenskapen for songen let seg ikkje stoppa.
Frå Kongshaug til jam på Bar2Be
Tone Rose kom til Osbygda for å ta den vidaregåande utdanninga si på Kongshaug Musikkgymnas.
– Der fann eg meg aldri tilrette. Korsong ligg ikkje for meg og eg følte at dei musikalske rammene blei for stramme. Notelære er for eksempel er noko eg ikkje kan fordra.
I staden fekk Tone Rose seg ekstrajobb på Statoil på Osøyro og kom i kontakt med nærmiljøet på Os.
– Eg kom meg ingen veg med musikken min på Kongshaug og bestemte meg for å be Gud om hjelp. Ein dag eg sto på jobb kom Gunnar frå Bar2be inn og eg følte eg skulle spørra han om kva eg skulle gjera.
– «Kom og bli med på torsdagsjammen», var det enkle svaret eg fekk.
– Der fekk eg synga og eg fann igjen trua mi. Seinare møtte eg Giuliano LoMonaco. Han stoppa opp og høyrde på musikken min. Det var egentlig då det heile starta. Han er og den eg ringer når eg treng litt hjelp med å strukturera og arrangera musikken min, smiler Tone Rose. Vidare møtte eg Paul Bernard og Kingsley Anowi. Ein kan nå langt med å starta å synga på bar i Os. Der blei både meg og låtane mine tatt imot med opne armar.
Lånte duer på Lyssand
I tillegg til hennar eigen musikk syng ho i Paul Bernard and the Family Values, som ho syng med på Musikkfest no på laurdag. Paul Bernard har og produsert hennar første låt «Hope» som kom ut nyleg, og blei gitt ut gjennom det Norske indie-labelet Valiant Sounds.
Tone Rose Bratland gav også ut den norske låta "Føldegfri", saman med Kingsley Anowi tidligare i år,
– Den er vi i ferd med å spela inn musikkvideo til.
– Føldegfri hadde eg ein idé om å kjøpa ein fargerik fugl på dyrebutikken og sleppa den fri, men heldigvis var det gode vener som stilte spørsmålsteikn ved den.
– I staden fekk eg tips om Gjermund Lyssand og duene hans. Gjermund var veldig hjelpsam og eg fekk låna to vakre kvite duer, som eg til og med fekk namngje, til innspelinga.
– Det blei akkurat som eg ønskte og ei utruleg god oppleving, stråler songaren.
Spelar inn EP
Om framtida er Tone Rose klinkande klar.
– Eg vil leva i, med og av musikken. Ønskjer du noko sterkt nok er det ingenting som kan stoppa deg. Det å få formidla musikk er for meg det vakraste som finst.
– Målet er sjølvsagt å bli ein etablert artist, og at musikken min kan gjera ein forskjell for andre. Er det noko ein verkeleg vil, så er det det ein skal.
– Eg håper at eg om ikkje alt for lenge kan sleppa min første EP, og seinare album, avsluttar Tone Rose Brattland.