Kultur | 17. juli 2012

Leverer verket i kveld

Moldejazz: – Det har vore ein travel og spennande vår, men dette blir nok min viktigaste konsert i år, seier saksofonist Marius Neset.

Leverer verket i kveld
Marius har vore i Molde sidan laurdag. I kveld speler han sin viktigaste konsert i år. (Foto: Daniel Herskedal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. juli 2012 11:37

Det var under Moldejazz i fjor at osingen Marius Neset fekk den gjevaste jazzprisen i Noreg, eit stipend på 650.000 kroner for å skriva eit verk for Trondheim Jazzorkester som skal framførast på Moldejazz i år, nærmare bestemt klokka 22 i kveld.

Les òg: Marius årets JazZstipendiat

– Det er mange som trur at eg nærmast har blitt millionær, men stipendet går til produksjonen, eg får rundt 1/6 i lønn for jobben, fortel Marius.

Og Neset har jobba hardt for lønna.

10 minutt ekstra

– Det er første gong eg har skrive så mykje. Heldigvis starta eg med éin gong, det meste var klart til jul.

– Men eg har skrive nokre låtar i vår også, og justert ein del på det eg skreiv i haust. Eg er perfeksjonist og er aldri heilt nøgd, ofte justerer eg på musikken nesten heilt fram til konsertstart.

Oppdraget var å laga 60-70 minutt med musikk som han skal framførar saman med Trondheim Jazzorkester.

– Eg har skrive cirka 80 minutt med musikk, men det går nok fint.

12 musikarar - ingen dirigent

Marius har vore i Molde sidan laurdag. I går og i forgårs hadde han lange øvingar med orkesteret.

– Vi har fått øvd mykje saman, frå første øving i november til nye øvingar i januar, mars og fleire i juni. Dei siste to dagane har vi hatt sekstimarsøkter saman, det er mykje som skal stemma før konserten.

Neset fortel at han ser på Trondheim Jazzorkester meir som individuelle musikarar enn som eit orkester. Dei skal spela saman utan dirigent.

Saksofonisten frå Os har med seg tidlegare medstudent og bandmedlem Petter Eldh. Til saman blir det 12 musikarar på scenen under framføringa i kveld.

– Eg har spelt mykje med Petter, han er ein veldig god bassist som eg kjenner godt, som eg har spelt i band med tidlegare og som har spelt med bandet mitt ein del den siste tida.

Tettpakka vår

Marius Neset var ferdig med masterutdanninga si ved Musikk-konservaturiet i København i 2008 og tok påbygg til 2010. Sidan har det vore musikk som fulltidsyrke for den talentfulle og flittige 27-åringen.

I innspurten til Moldejazz har Marius vore på ein nesten samanhengande turné denne våren. Med bandet Marius Neset Golden Explosion har det blitt 30-40 konsertar, mange i England, ein del i Tyskland, men også i Belgia og i Skandinavia.

– Derfor er eg ekstra glad for at eg byrja på bestillingsverket så tidleg. No er eg spent på konserten i kveld og på mottakinga frå publikum.

Med seg til Molde har han foreldra, musikklærarane Anne Leni og Terje, og nokre venar frå Os.

– Det er veldig kjekt at dei er her i Molde og stiller opp på konserten, synes Marius.

På NRK P2 og på nett

Kveldens framføring av bestillingsverket ser ikkje ut til å bli sendt på TV, i alle fall ikkje direkte, men P2 har sending frå Moldejazz kvar dag klokka 14 og 23, så vi får kanskje høyra utdrag i 23-tida i kveld.

Sjå også moldejazz.no og kultursidene til Romsdals Budstikke, som serverer ein del bilde og videoar frå Moldejazz.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.