Næringsliv | 28. juli 2019

Leverte 100 tonn stål til ny gondol på Voss

I førre veke opna Hanguren, no gler brørne Sælen seg til å stå på ski.

Leverte 100 tonn stål til ny gondol på Voss
Johs Sælen & Sønn var ferdige med sin leveranse i desember. Onsdag i førre veke opna den nye gondolbanen på Voss. (Foto: Johs Sælen & Sønn AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. juli 2019 17:05

Bildeserie:

Bygging av øvre stasjon på Hangursbanen. (Foto: Johs Sælen & Sønn AS)

Sælen leverer òg stål til Os Aktiv i heimkommunen. (Foto: KVB)
Sælen leverer òg stål til Os Aktiv i heimkommunen. (Foto: KVB)
1 av 7

I fjor sommar fortalte vi om Johs Sælen & Sønn AS sin storkontrakt på Voss, i førre veke opna den nye Hangursbanen.

• Sjå video frå opningsfesten på BT.no (abo)

Johs Sælen har auka frå rundt 300-400 tonn i den gamle verkstaden til å ligga på rundt 1000 tonn i året i det store nybygget lengre inne i Hegglandsdalsvegen.

Til øvre stasjon på Hangursbanen leverte dei rundt 100 tonn med stål.

– Vi fekk dessverre ikkje med oss opningsfesten, vår leveranse var ferdig i desember, fortel dagleg leiar og største aksjonær i Johs Sælen, Tore Sælen.

– Men det er ekstra kjekt med leveransar til bygg du sjølv skal bruka, nok gler vi oss til skisesongen, seier medeigar, broren Raymond Sælen.

Låg vaken om nettene

Sælen synest leveransen og byggeprosessen gjekk fint.

– Å levera stål i høgfjellet gjorde naturlegvis at vi var spente på kor tid vinteren kom. Ein av eigarane av Voss Resort sa at det var første gong han låg vaken om nettene og håpa at det IKKJE kom snø, fortel Raymond og ler.

Transporten av stål frå Os til Hangorstoppen gjekk på det brattaste opp 22 gradar. Etter at siste semitrailer var oppom i desember blei vegen vinterstengt. Mannskap, fire på det meste frå verksemda frå Os, køyrde gjennom føyka frå snøkanonane på jobb enkelte morgonar.

Det var ein periode sjanse for å bli ein kamp om klokka, men alt i alt var dei heldige med vinteren.

820 meter over havskorpa

Styret i Voss Resort AS og Voss Gondol AS beslutta bygging av ny gondolbane 11. januar 2018. Banen skal erstatta den ærverdige gamle Hangursbanen (Dinglo og Danglo) som blei lagt ned i 2015.

Nedre stasjon er no på Voss Jernbanestasjon, mens øvre stasjon kjem på Hangurstoppen (820 moh) rett ved der som Expressheisen kjem opp frå Bavallen. Øvre stasjon får òg restaurant med kapasitet til 450 gjestar.

Badeland, hotell, høgskule og lokalt aktivitetshus

Johs Sælen fortel om nok eit godt år i 2019, og fin ordreinngang også i 2020.

– Vi teikna nyleg ein ny og stor kontrakt, men den er så ny at eg førebels ikkje kan fortelja meir, fortel Tore Sælen.

Selskapet får stadig fleire kundar på Austlandet, men heimebanen Vestlandet er framleis den viktigaste marknaden.

Ved sidan av fleire større leilegheitsbygg leverer dei stål til kjente prosjekt som «Edens Hage» (nye Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Bergen), Hardangerbadet i Øystese, med Hardangerfjord Hotell, og superlokale 40 tonn til Os Aktiv ved Os ungdomsskule.

Heime i Hegglandsdalen har dei nyleg utbetra uteplassen og asfaltert 5000 kvadratmeter av tomta for betra logistikk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.